Helsetkopen er rydda tilbake

Eit bilete av dei fyrste installasjonane som kom på plass på Helsetkopen i slutten av august. No er alt borte. (Arkivfoto)

Filmarbeidet med Mission Impossible 7 er ferdig i Sunnylven. I filmområdet på Helsetkopen er også ryddinga ferdig, og snart er «alle spor» borte på Hellesylt.

Vi har i anna artikkel fortalt om opprydding i terrenget under Helsetkopen, men no er også alt på toppen av det 1246 meter høge fjellplatået fjerna. Alt frå stilas, plattformer, aggregat, toalett, betongelement for sikring av utstyret, og anna har blitt frakta tilbake til Hellesylt for vidare transport.

På ein av dei siste helikopterturane til Helsetkopen tok plassjef på Hellesylt for filmselskapet med representantar for Stranda kommune, ordførar Jan Ove Tryggestad, rådmann Åse Elin Hole og skogbrukssjef Asle Johan Bergseth Konnerth på synfaring for godkjenning. Også grunneigar Jørgen Helset var med for å inspisere fjellplatået. Presse fekk ikkje vere med på turen.

Stranda kommune hadde gjeve løyve til opptak for Mission Impossible 7 i Sunnylven under føresetnad av at alt skulle vere rydding og som før etter at filmarbeidet var avslutta. Hellesylt.info kontakta ordførar Tryggestad for å høyre om han godkjende området.

-Der var fantastisk flott rydda, det viste nesten ikkje at der hadde vore rigga store installasjonar og stor filmaktivitet. Sjølvsagt kunne du sjå at mose og anna vegitasjon var trykt litt saman, men ikkje skada. Det var som før, og ryddigare enn å kome inn i mange hagar.

Også grunneigar Jørgen Helset stadfesta ordføraren sine opplysningar.
–Om du leita godt kunne du kanskje ha funne ein skrue, eller du såg at mose var sparka i, men der var absolutt ikkje naturskadar å snakke om. Nei, det såg flott ut, filmselskapet har gjort ein kjempejobb rett og slett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380