Herverk inne i Grand Hotell
Flakkgruppen har starta renovering av Grand Hotell på Hellesylt, eller Basecamp Hotell som det skal heite for seinare. Sist natt fann nokon moro i å tømme eit pulverapparat inne i resepsjonen.
Alle foto: Privat
Natt til tysdag 6. oktober har nokon med manglande forstand teke seg inn i gamle Grand Hotell og tømt innhaldet i eit pulverapparat inne i resepsjonen. Over alt på veggar, golv, tak møblar og anna inventar er det skumma ned, fortel eigedomsansvarleg John Egil Giørtz Jacobsen.
Selskapet er no i gong med riving av eit tilbygg på baksida så bygget stod ope. Området kring hotellet er inngjerda så at nokon har teke seg inn og gått laus med brannsløkkingsapparatet er ulovleg.
–Det får passere denne gongen, men skjer noko igjen må vi anmelde slike herverk til politiet, seier Jacobsen som synest dette var svært trasig å oppleve. Det blir mykje ekstraarbeid å reingjere mellom anna antikvarisk inventar.
Mange med hellesylt.info vil nok undre seg over kva som skjer i hovudet på personar som utfører slike herverk. Vi synest slikt er trasig å få vite, og å skrive om når renovering av hotellet på Hellesylt er i gong. Det beste var vel om vedkomande tok telefonen og bad om orsaking for dårleg framferd på andre sin eigedom.