Lokalnytt

Jobbar for drift av Basecamp Hotell

Dagleg leiar Jan Sverre Sivertsen til venstre og eiendomsansvarleg John Egil Giørtz Jacobsen med to av Flakk Gruppen sine bygg i bakgrunnen. Devoldutsalet og «gamle» Grand Hotell

-Å restaurere gamle Grand Hotell på Hellesylt er krevjande. Det er sett saman av fleire bygg, men vi ønskjer å gjere det skikkeleg så det vil ta tid.

Jan Sverre Sivertsen er tilsett som dagleg leiar ved Basecamp Hotell Hellesylt, eit prosjektnamn som omfattar både Grand Hotell og eit framtidig hotell på Ljøen.
No går det føre seg arbeid med renovering av gamle Grand Hotell for fullt. Som hellesylt.info har meldt tidlegare skal fasaden på baksida mot sjøen endrast noko, taket skal leggast om og gjerast tett, vindauge skal skiftast, og veggar får ny bordkledning. Arbeidet blir utført av HT Bygg AS, Hellesylt.

Ønskjer ny drift

-Vi skal i denne omgang gjere hotellet tett slik at det ikkje tek meir skade, og vi satsar på å setje i stand fyrste etasje i denne omgang. Kva som skjer vidare kan vi ikkje sei så mykje om no. Men på sikt ønskjer vi ny drift i hotellet med både servering og overnatting.
Det seier nytilsett dagleg leiar Jan Sverre Sivertsen.

Naturbasert aktivitet

Han legg til at ikkje noko blir ferdig innvendig i år, og kanskje heller ikkje neste år.
-Men det ser lysare ut enn nokon gong for at det skal bli drift igjen i det gamle hotellet, noko vi ønskjer. Vi vil gje mulegheiter for naturbaserte opplevingar med overnatting, for Hellesylt har mange mulegheiter heile året. Det vere seg skiaktivitetar om vinteren og fjell –og fjordopplevingar om sommaren, seier Sivertsen.

Fortener god renovering

Eiendomsansvarleg John Egil Giørtz Jacobsen, som også var innom Hellesylt for å sjå på renoveringa er klar på at Flakk Gruppen vil gjere arbeidet skikkeleg, det fortener bygget, seier han. Men hotellet er samansett av fleire bygg så det er krevjande å få det til som vi ønskjer, seier han.

Flakk Gruppen er også i gong med utviding av Union Hotel, Øye. Her er det HS Bygg, Stryn som er entreprenør

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380