Lokalnytt

Kløvertur på eldredagen

Kløverturen til Sunnylven sanitetslag gjekk til trimposten i Kjellstaddalen i eit strålande haustver. Men neste gong må også gutta stille på.

Damer var i fleirtal då Sunnylven sanitetslag arrangerer hausten sin fyrste Kløvertur. Turen tordag 1. oktober fall også på «Den internasjonale eldredag».

Elleve damer og to menn stilte opp og tok turen i Kjellstaddalen torsdag. På det Norske kvinners sanitetsforening kallar Kløvertur brukar arrangørlaget å servere eit velsmakande og næringsrett måltid til deltakarane. Det vart ikkje denne gongen, for husværet som Sunnylven sanitetslag brukar blir nytta tii skuleundervisning dette året. Korona-situasjonen er også ein bremsande faktor for store sosiale samvær.

Men i Kjellstaddalen er det friskt luft og godt om plass så ein tur dit skulle berre vere helsesamt. Turen gjekk til trimposten der det vart kort pause med inntak av eiga niste og kaffi. Her leita også leiar i laget, Kari Hauso Stadheim fram sjokolade og spanderte frå saniteten.

Arrangement på vent

Torsdag 1. oktober er Den internasjonale eldredagen. I ein kommentar til hellesylt.info sa leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland at dei ikkje kunne invitere medlemane til markering av eldredagen eller andre samkome enno grunna restriksjonar i høve den pågåande epidemien. Laget var også inne i eit jubileumsår som ikkje hadde blitt markert.

Astrid Langeland håpa at situasjonen kunne rette seg framover mot jul, at det kunne bli julesamkome i laget, og at ein då også kunne markere 40-års jubileet for laget.
-Vi i styre har opplegget klart med både servering og program med gode underhaldarar, men vi må berre følgje helsestyresmaktene sine råd og avvente.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380