Lokalnytt

Kranselag ved Sunnylven skule

Det var kranselag ved Sunnylven skule fredag. Då var også flagget kome opp på mønet.

Flagget vaia på mønet ved Sunnylven skule fredag. Skulen er under rehabilitering og denne veka vart taket tett.

I ein kommentar til ein nettstad tidlegare i haust uttala anleggsleiar Geir Frøysa at han håpa Stranda kommune inviterte til kranselag når taket var tett. Det gjorde kommunen fredag.
På vegne av kommunen ønska ordføraren Jan Ove Tryggestad vel møtt til markeringa. Han presenterte seg for dei utanlandske arbeidarane, og sa at han hadde hatt gleda av å vere med på vedtaket om at Sunnylven skule skulle rehabiliterast.
Sjølvsagt ville kommunen markere at arbeidet var godt i gong, -vi set pris på det som er gjort så langt, sa han.
Rundt ti arbeidarar jobbar no fast med utbetringa.

Å bruke det ein har for hand. Bas og kranførar ved HT Bygg, Arne Frøysa henta like godt ein Glava-kniv til å skjere marsipankaka med. Ordførar Jan Ove Tryggestad i bakgrunnen.
Her er det anleggsleiar Geir Frøysa som serverer marsipankake til seg og arkitekt Gitte Langlo

Mykje kortreist på menyen

Til kranselaget kom ordføraren med pizza frå restaurant Øcal, eplesider frå Skarbø gard, og til slutt marsipankake og kaffi. Kranselaget var utan alkoholservering denne gongen,
Det vart ei enkel, men viktig markering i «Fossedursalen» for byggeleiing og arkitekt, arbeidarar, rektor ved Sunnylven skule, og presse til stades, ei stadfesting av at skulen i Sunnylven blir fornya til eit tenleg og tidsrett læringsbygg.

Godt ventilasjonsopplegg

Etter mat –og kaffiøkta fekk alle sjå opp i andre etasje der arbeidet gjekk for fullt. Framleis er alt berre eit stort, ope rom der arbeidet er konsentrert om takkonstruksjonen. Oppe i takstolane i mønetaket blir eit stort rom med full høgde etter heile lengda. Dit skal røyr og maskiner for ventilasjon, heile tre stykker plasserast.

Samling i andre høgda av personar frå kommune, skulen, byggentreprenør og Møre Miljøsanering.

Tett og stormsikkert

Taket er tett med duk som undertak, og sikra i tilfelle uver. Og i løpet av ein månad vil det endelege taket av osb-plater og papp vere på plass, sa Geir Frøysa.

Vi er stort sett i rute. Litt forseinkingar skuldast løyve til å få flytte ein transformator til utsida av uverskuret. Her måtte det ei reguleringsendring til, opplyste prosjektleiar for HT Bygg, Tarjei Korsbrekke.

Utfordrar

På vegne av HT Bygg og dei frammøtte takka Geir Frøysa kommunen for kranselagmarkeringa og la til. -Til hellesylt.info tidlegare i haust hadde eg også ein kommentar som ikkje kom med då, men som eg gjerne gjentek; No må sunnylvingane «hive seg rundt» og gjere sitt for å fylle opp skulen med born!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380