
På postliste for Stranda kommune har det igjen kome opp brev frå Langøylia hyttefelt med krav om utbetring av vegkrysset til Langøylia. Vegkrysset er kommunen sitt ansvar, står å lese.
Stranda kommune har fått ny påminning og krav frå Langøylia hyttefelt ved leiar Harald Overå om utbetring av vegkrysset til Langøylivegen. Vegkrysset tilfredsstiller ikkje krava til fri sikt, står å lese i skriv frå hytteeigarane
Dette er ei sak som har vore oppe og jobba med frå kommunen si side tidlegare. Planar som har blitt lagt fram går på å flytte avkøyrsla frå FV 60 til Langøylia lenger mot aust, til område der Sunnylven skyttarlag / Sunnylven IL har avkøyring til Hyttehola fleirbruksanlegg.
Leiar i Langøylia hyttefelt har hatt kontakt med Statens Vegvesen og dokumentert sikten med bilete frå Langøylivegen til innkøyring til FV 60 i begge retningar.
No er det sendt eit nytt brev til kommunen om saka med krav om utbetring.
-Vi kan dokumentere at det eksisterande krysset mellom Fylkesveg 60 og Langøylivegen ikkje tilfredsstiller dei krav til fri sikt som fylgjer av Veglova § 13, og at dette er Stranda kommune sitt ansvar.
Vi krev difor at Stranda kommune, som eigar av vegen til Langøylia, rettar dette tilhøvet snarast, skriv leiar for hytteeigarane Harald Overå.