Kveldsrenn på rulleski

Ea Ytredal Schreijer klar til start.

Det var flotte forhold då ski/skiskyttargruppa i Sunnylven IL arrangerte sesongens fyrste langrenn måndag kveld. Og føret baud ikkje på smørjingsproblem, for rennet gjekk på asfalt og rulleski.

Ski –og skiskyttargruppa i Sunnylven IL hadde merka opp tre løyper med ulike lengde med start og mål i området parkeringsplassen til Ole Ringdal AS. Løypene gjekk også om cruisekaia, eller gjennom Gatå til bedehuset og tilbake.
Korsbrekke fortel at heile 24 løparar stilte til start, av dei var tre frå Stranda IL og ei jente frå Hornindal IL. Om dei har lyst å melde seg inn og representere Sunnylven IL er dei hjarteleg velkomne, seier han.

Sunnylven IL har for få trenarar i ski og skiskyting. Tarjei Korsbrekke fortel at så langt er det han og Magnar Tufte Tyssen som har leia treningane, med litt hjelp frå Inger Ringdal Sæter når ho er heime. Måndag var også Gisle Aaland i aksjon på trenarsida, og Korsbrekke håper han blir med meir. Han utfordrar andre tidlegare toppløparar frå Sunnylven IL som bur i bygda til å vere med å trena dei mange talenta som veks fram i klubben.

Til no har det blitt med eit trening i veka, for fotballen har rulla og var fyrst slutt for sesongen dagen før med premiefest. Framover satsar skileiinga på to treningar i veka, ei på rulleski, og ei barmarksøkt.

Blå x 1: Saga-Emilie Frøysa, Alma Hole Flo
Blå x 2: Synne Hole Brekke, Emma Korsbrekke, Ane Brenne Ringdal, Fredrik Fivelstad Stadheim, Casper Tryggestad Røyr, Severin Ytredal Schreijer
Svart x 2 : Kristen Brenne Ringdal, Marta Friestad, Ingeborg Fivelstad Stadheim, Tuva Marie Korsbrekke, Therese Støverstein, Ea Schreijer, Joen Schreijer, Oskar Ringdal, Sander Sjåstad Hole, Sune Frøysa.
Raud x 2: Nikoline Hellebostad, Trym Helset, Tonje, Johannes, Linus
Raud x 2 + blå : Magnar Tufte Tyssen

Ane og Fredrik klar til start. Anniken har full kontroll på tida.

Dei to yngste ventar på klarsignal frå Tarjei og Anniken. Alma til venstre og Saga-Emilie.

 

Dei ulike sløyfene.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380