Lokalnytt

Møter statsministeren 9. november

Cruisekaia på Hellesylt må bli ein «pub» for utflukter på sjø og land, er tankar som blir presentert for statsministeren.

Ordførar Jan Ove Tryggestad er spent framfor møtet med Erna Solberg 9. november. Sak på møtet er løysingar for cruisetrafikken i verdsarvområdet fram til dato for nullutslepp. Og kanskje blir det invitasjon til Stranda på statsministeren frå Høyre.

-Det har den siste tida vore betydeleg bevegelse kring spørsmåla om nullutslepp frå cruisebåtar og ferjer i verdsarvfjordar, det seier ordførar Jan Ove Tryggestad som saman med styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, Per Erik Dalen skal i møte med statsminister Erna Solberg måndag 9. november.

Får støtte

Tryggestad har merka seg at klima -og miljøvernminister Rotevatn er på gli når det gjeld vedtaket om nullutslepp innan 2026, og det er sendt inn eit representantforslag i Stortinget frå tre Frp-representantar der konklusjonen er at –Stortinget ber regjeringa utsette kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane til 2030. Utsettelsen bør gjelde for all skipsfart i norske fjordar-.

Fjordreise i utsleppsfrie båtar

-Eitt av dei viktige argumenta i nullutsleppdebatten i verdsarvfjordane er å få oppretta ein «blå korridor» i Sunnylvsfjorden. Meininga er at cruisebåtane kan gå til Hellesylt og at passasjerar om bord kan få halde fram si reiselivsoppleving i Geirangerfjorden til Geiranger med små utsleppsfrie båtar og ferjer. Det vil bli ei minneverdig reise i nærheit med naturen, berre heilt fantastisk som eg har opplevd sjølv, seier ordføraren.
Med oppankring av cruisebåtane på Hellesylt vil ein få ein «hub» som ordføraren kallar det der ein kan spreie turistane mykje meir rundt om i område enn tidlegare. Det vil føre til ny turistsatsing og fleire arbeidsplassar både på land og sjø, trur Jan Ove Tryggestad.

Meir el-straum

Samstundes er der andre saker det må arbeide målretta med å få til, som ei forsterking av kraftlinja mellom Hornindal og Hellesylt for å få fram meir el-kraft til både landstraum på kaia og produksjon av hydrogen. Begge viktige oppgåver for å skaffe energi til nullutsleppsfartøy.
Tryggestad er spent på resultatet av møtet med statsminister Erna Solberg, -det blir ein test på om ho ser det store bildet, seier han.

Støtte frå Hellesylt næringslaget

Vi i Hellesylt Næringslag har også diskutert problema kring kravet frå Stortinget om nullutslepp innan 2026, eit krav som betyr redusert aktivitet i turistnæringa, og nesten ei nedlegging av Hellesylt cruisekai som det er blitt investert millionar i. Vi kan ikkje gjere så mykje anna enn å støtter fullt ut innhaldet og tankane som kjem fram i brevet som er sendt til statsministeren sitt kontor. Det seier leiar i Hellesylt Næringslag, Øystein Ljøen.

Spesielt ser han det som viktig å få oppretta ein «blå korridor» på strekninga frå Røbbervika til Ljøen, ei strekning i Sunnylvsfjorden som ligg innafor verdsarvområdet. Om vi fekk opne opp fjorden der ville det gje nye mulegheiter for cruisetrafikk og turistsatsing, trur Øystein Ljøen.

Han håpar og trur på at ting vil løyse seg, for Hellesylt er inne i ein liten giv i utvikling, mellom anna med hotellplanane til Flakk. At skulen blir rehabilitert som eit nybygg er også med på det vi ser tendens til, at unge folk vurderer å flyttar tilbake til bygda meir no enn før, seier Øystein Ljøen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380