Lokalnytt

Nye strikkekveldar i sanitetslaget

Bildet viser eksempel på plagg som vart strikka av sanitetsdamer sist vinter.

Sunnylven sanitetslag startar opp med strikkekveldar, den fyrste 27. oktober. I år blir samlingane på Hægstad Gård, Hellesylt (Peer Gynt Galleriet).

Sjølv om korona-pandemien framleis pregar dagar og møteverksemd, startar Sunnylven sanitetslag opp med sine strikkekveldar igjen. I haust blir samlingane kvar tysdag kveld ut november på Hægstad Gård. Sjå kalender «Det skjer på Hellesylt» på opningssida til hellesylt.info.

Sanitetslaget håper mange møter fram. Som tidlegare kan ein strikke plagg til premature born, eller gevinstar til sanitetslaget sin basar i november. Men sjølvsagt er det fritt å strikke til seg sjølve, eller til det ein vil, presiserer leiinga i sanitetslaget.

Det er god plass i lokala til Hægstad Gard, så der er lett å halde pålagde avstandar i høve smittevernreglar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380