Nye Sunnylven skule tek form

Renovering av Sunnylven skule går etter planen, mellom anna er takstolane snart på plass.

Renovering av Sunnylven skule er godt i gong. Etter nærmast total nedstripping tek skulebygget form igjen. -Det blir eit «sprekt» barne –og ungdomsskulebygg-.

Det er HT Bygg Hellesylt AS som står for fornyinga av læringsbygget midt i Hellesylt sentrum. Tidleg i haust stod Sunnylven skule heilt nedstrippa, men no er arbeidet godt i gong med gjenreising av det som vi trur vil bli eit nytt og tenleg skulebygg i bygda.

Saltak på heile skuledelen

Området kring skulen frå 1973 er i dag eit stort anleggsområde. Stilas med gjerde og snublekant omkransar heile bygget i fleire høgder. Veggane er inn til vidare dekte med duk som vindsperre, og etter kvart kjem det plater og bordkledning, fortel prosjektleiar i HT Bygg, Tarjei Korsbrekke.
-Det blir eit sprekt bygg utsjånadsmessig som barne –og ungdomsskule når det står ferdig, seier han.

Og ferdig skal det bli i løpet av neste år. –Vi har eit år på oss, men arbeidet har gått som planlagt så vi er nok i rute, seier anleggsleiar Geir Frøysa.
Hellesylt-firmaet kranar i desse dagar takstolane på plass på skuletaket. I motsetning til flatt tak som det var før får bygget no mønetak over det heile. Også 97-bygget som dei kallar det, påbygget mot leikeområdet får same takhøgd og møne som resten av skulebygget.

Vekk med det gamle

I utgangspunktet skulle gamletaket ligge, men byggfirmaet og prosjektleiar Korsbrekke råda at det burde fjernast, og det vart gjort. Sjølv om der ikkje var store råteskadar i konstruksjonen var der mange teikn på at der hadde vore lekkasje, fortel Geir Frøysa og legg til at når konstruksjonen vart løfta vekk rann vatnet ut. Der stod med andre ord dammar med vatn inne i takelementa.
Også taket over samfunnshuset skal takast igjen og gjerast tett med skråtak.

Denne veka har takstolar blitt krana på plass på taket. Frå venstre prosjektleiar HT Bygg Tarjei Korsbrekke, anleggsleiar Geir Frøysa, og lengst til høgre bas/kranførar Arne Frøysa.

Tette avløp

Det meste har så langt gått etter teikninga, men når store eldre bygg skal renoverast dukkar det gjerne opp uforutsette ting. Slik også ved skulebygget på Hellesylt.
Tette avløp har vore eit problem ved fleire høve, og no kom årsaka fram på tre plassar etter at det var brukt kamera. Ein stad var under bomberommet at avløpsrøyra hadde knekt saman. Etter anbefaling frå rørleggar har golvet blitt hogge opp i 40 meters lengde for legging av nye avløp, og i same grøft kjem ny vassleidning inn.

Godt samarbeid

-Dette var ikkje forutsett, men i samarbeid med plan og utviklingssjef Einar Lied som er Stranda kommune sin prosjektleiar har vi kome fram til gode løysingar også her. Einar Lied er løysingsorientert og vi har eit godt og konstruktivt samarbeid med han, seier Tarjei Korsbrekke.

Når så veret er på byggefirmaet si side, at taket kan kome på tett i løpet av ei veke utan ein regndrope, då blir sjølvsagt også humøret bra mellom arbeidarane. Då blir også kommentarane deretter.
-Du må få med at vi ser fram til at ordføraren kjem med kranseskål når taket er tett.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380