Planlegg julemesse på Hellesylt

Sunnylven Bygdekvinnelag planlegg årets julemesse på Hellesylt til laurdag 28. november. Arrangøren tek atterhald om endringar i opplegget grunna korona-epidemien.
Då Sunnylven skule er under rehabilitering har Sunnylven Bygdekvinnelag leigd seg inn på Hægstad Gård (Peer Gynt galleriet) for årets sals/julemesse.
Fungerande leiar i laget, Anne Marie Sømoen Frøysa seier at laget tek mot påmelding alt no, og ber alle som vil delta om å kontakte henne på mob. 988 46 226.
Totalt blir det plass til 12 stand, men ein må ikkje vente med å melde seg på, for Anne Marie har fått påmelding frå fire salsutstillarar alt, fortel ho. -Og det blir bra med plass på kvar når vi begrensar talet på utstillarar til tolv, seier ho.
Messa er laurdag 28. november og opa mellom klokka 11.30 – 15.00. I kafeen blir det sal av julegraut, kaffi og kaker. Det vil bli teke nødvendige smittevernhensyn grunna korona-epidemien med avstand, og ein «mottakingskomite» vil registrere alle, og det blir bruk av antiback, seier Anne Marie Sømoen Frøysa.
-Vi håper mange melder seg på og stiller ut, og at både bygdefolket og tilreisande kjem innom Hægstad Gård på årets julemesse laurdag 28. november frå 11.30 til 15.00.