For 35 år sidan

Sau kom heim mest utan øyre.

Dag Idar Tryggestad viser fram den uheldige spelsauen, som mest heilt har misst begge øyrene. Truleg er det vel rev som har vore på ferde her …

Sauesankinga er vel no på næraste avslutta her i bygda. Men enno er det gardbrukarar som manglar ein god del dyr. Vi har snakka med dei som enno manglar både 10 og 15 dyr. Men det er sjølvsagt vanskeleg å seie kor mange som enno kan finnast i live og bergast heim. Sett under eitt virkar det likevel som dei fleste har hatt ei vellukka sanking i haust.

Eit dyr som kom heim, hadde fått ein hard medfart. Ein spelsau, eigd av Jon J. Tryggestad, kom nyleg til gards mest utan øyrer. Den eine øyra var det berre ein kort stump att av, den andre var meir enn halvert. Begge såra var kantete som om øyrene var bitne av.

Den mest nærliggande årsaka må nok vere at det er reven som har vore på ferde. Men noko heilt sikkert kan sjølvsagt ikkje seiast om det.

 

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info