Spanderte godt kveldsmåltid
Som tiltak i samband med temaveka til Norske kvinners sanitetsforening, «Spis med oss» ønska Sunnylven sanitetslaget å spandere eit kveldsmåltid på pensjonærane ved Sunnylven omsorgssenter.
-Den årlege kaffistunda på omsorgssenteret til sanitetslaget har vore ei hyggeleg samkome både for sanitetsdamene, og sikkert også for pensjonærane. Slik situasjonen vart i år var det uråd med ei slik samlinga i daglegstova.
Styret vedtok i staden at sanitetslaget skulle kjøpe inn godt pålegg av ulikt slag, og så bad vi dei tilsette ved omsorgssenteret stelle i stand eit ekstra godt kveldsmåltid til alle på «heimen». Det gjorde dei, anretta det flott og fristande på fat slik at pensjonærane fekk velje sjølve kva pålegg dei ville ha. Det er ein verdig måte å servere maten på, og kanskje skjerpa det matlysta.
Og vi er svært takksame for at dei tilsette tok ekstraarbeidet med å servere måltidet for oss.
Vi håper at det vi kjøpte inn av fleire sortar kjøttpålegg, laks, egg, ost av mange slag, syltetøy og meir fall i smak, at alle fann noko godt dei lika, seier leiar i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim