Notiser

Stranda Fotoklubb med jubileumsutstilling

Eit knippe bilete tekne av medlemar i Stranda Fotoklubb.

Stranda Fotoklubb rundar ti år i 2020. I det høve blir det fotoutstilling i Storfjord Kulturhus laurdag 10. og søndag 11.oktober.

Det var Svein Gulbrandsen som var primus motor 24. aug 2010 og fikk starta klubben, det skriv Karsten Helstad, styremedlem i Stranda Fotoklubb til hellesylt.info

-Svein har no dessverre gått bort og vi vil derfor stille med ei minneutstilling av hans bilete under fotoutstillinga.
Men på utstillinga i kulturhuset i oktober blir det også mange bilete av medlemane i klubben. Heile 64 bilete med vidt spekter av innhald blir å sjå.
På fotoutstillinga vil vi ha sal av medlemane sin «Strandakalender 2021», ein kalender illustrert med foto av klubben sine mange gode fotografar, og som har blitt svert populær.Det blir kafe med sal av kaffi og kaker, godt tilrettelagt etter smitteverntiltak, seier Helstad.
Også tre barnehagar kjem med foto som dei stiller ut, les vi i programmet.

Karsten Helstad fortel at kvelden før utstillinga opnar, fredag 9. oktober er medlemane med følgje invitert til festlig samvær på hotellet. Der blir også ein del gjester til stades, personar som har hatt betydning for aktiviteten i klubben gjennom åra frå skipinga.

Kristbjørg Bjørnadal, tidlegare leiar i klubben og den som tok over stafettpinnen etter Sven Gulbrandsen, har sett på papiret eit attersyn på aktiviteten gjennom åra frå skipinga.

For tida har ikkje Stranda Fotoklubb leiar, men styret deler på oppgåvene.

Styret 2020:

Karsten Helstad styreleder
Svein Lunde sekretær
Hallvard Sandvik kasserer
Sølvi Øverland styremedlem
Anne Kristin Riise styremedlem
Dagfinn Johansen varamedlem

Svein Lunde og Hallvard Sandvik har vore styremedlemer i heile perioden.

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380