-Ta vare på vegen over Ljøbrekka!
Leiar i Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal har lagt ut ei melding på facebook der han fortel litt om arbeidet på turvegen over Ljøfjellet. Han oppmodar til å bruke vegen, men ikkje snarvegar.
Petter Hjørungdal fortel frå arbeidet med utbetringa av Den Trondhjemske Postvei frå Ljøen til Herdal, om kostnaden, og at offisiell opning blir neste år. Så kjem han med ei oppmoding til alle som ferdast der, -gå på vegen, og at ingen skadar seg. Ei viktig oppmoding som vi gjengjev her;
-I september i år var det åtte år sidan fyrste dugnaden på vegen. No er han snart ferdig, og vi reknar med offisiell opning neste år
Entreprenør og sherpaer har lagt ned eit flott arbeid, og mange har vore med på dugnader. Berre i fjor bokførte vi over 700 timar med dugnad. Samla kostnad for prosjektet reknar vi med blir rundt 12 mill. kr.
Vi har ei sterk von om at denne vegen vil vere til glede for folk i lang tid framover, og at alle gjer sitt for å hindre unødvendig slitasje.
I den siste tida har vi merka at somme tek snarvegar oppe i Brekka. Dei kan då rive stein over seg, eller rive laus steinar slik at murane forfell. På same måten vert veggrøftene fylte med stein og grus slik at vatnet byrjar å renne etter vegen. Alt dette medfører ekstra arbeid for oss, og at vegen forfell.
Eg vonar det er born som gjer dette, og eg vil be foreldra passe på slik at vi unngår slike skadar. Viss alle fylgjer vegen utan å ta snarvegar, vil heile prosjektet bli lettare å halde ved like, og det vil ikkje forfalle så lett.
Eg bed alle som ferdast over Ljøfjellet om å passe på seg og sine, og ser de nokon som tek snarvegar, bed dei på ein høfleg måte om å la vere.
Eg vonar denne oppmodinga vil hindre unødvendig slitasje på vegen.
God tur!