Takkar for gode filmdagar

Filmregissør Christopher McQuarrie og hans filmteam avsluttar filminga til Mission Impossible i Stranda og Rauma kommune. På vegne av alle takkar han for no.

Hellesylt.info har motteke meldinga som filmregissør Christopher McQuarrie har lagt ut på Instagram.
Vi har etter beste evne oversett hans takk og ros frå engelsk til norsk. Han skriv;

-Norge sin fantastiske og vakre natur har sett eit usletteleg og avgjerande avtrykk på filmen vår, og mint oss om at alt er muleg.
På vegne av alle som arbeider med Mission Impossible sender eg vår største takk til Norsk Filminstitutt, Norsk Jernbanemuseum, uendeleg tolmodige Stranda og Rauma kommune  og til alle som har støtta filminga vår her.

Og sjølvsagt – til Fjella!

Mest av alt vil vi takke for den varme velkomsten frå folket i Norge. Dykkar venlegheit og omtanke har vore inspirerande. Vi vil savne folket, og ser fram til å møtast igjen.
Tusen hjarteleg takk!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380