Tilsett som dagleg leiar ved Basecamp Hotell
Jan Sverre Sivertsen (49) er tilsett som dagleg leiar ved Basecamp Hotell på Hellesylt. Der er Flakk gruppen i gong med restaurering av Grand Hotell.
Jan Sverre Sivertsen, er opphavleg frå Nordmøre, men har også budd på Skåla ved Molde. Han er no tilsett i Flakk Gruppen som dagleg leiar for Basecamp Hotell på Hellesylt.
Sivert, som han også blir kalla er utdanna og har jobba innan reiseliv i meir enn 20 år, mykje med naturbaserte aktivitetar mellom anna på Svalbard.
Litt beskjeden, men på spørsmål får vi stadfesta at han i 2017 – 2018 gjekk til sørpolen etter same rute som Roald Amundsen gjekk og nådde fram i desember 1911. Turen for Sivert og ei dame tok 66 dagar på ski.
Mindre krevjande må det vel vere å få Basecamp Hotell på Hellesylt i drift, ei utfordring som han gler seg til å fullføre.