Lokalnytt

Tomteval for hydrogenfabrikk ikkje bestemt

Deler av område i Tryggestadskogen som Stranda kommunen har regulert til industriområde. I bakgrunnen Tryggestad.

Det blir jobba med planane for hydrogenproduksjon i Sunnylven. –Kvar fabrikken skal ligge er ikkje avklart enno, men målet er å vere i produksjon når vi har avtakarar.

Det seier prosjektleiar i Hellesylt Hydrogen Hub, Jan Arild Roppen. Saman med fleire samarbeidspartnarar jobbar Flakk Gruppen for å få i gong hydrogenproduksjon i Sunnylven. Tre kraftverk i området kan auke produksjonen og gje el-kraft til framstilling av hydrogen.

Sett på områder

-Ikkje noko er avgjort når det gjeld tomtevalet. Eit område ved Litlebø kraftverk har vore framme i diskusjonen. Vi har gjort trafikale mulegheitsstudier av området og  foreslo å ta det med i Stranda kommune sin arealplan i desember i fjor. I arbeidet med kommunedelplanen  kom det innspel frå grunneigarane på dette der dei ønska å behalde området for jordbruk, seier Jan Arild Roppen.

Må ha kundar

På Tryggestad aust for Langedalselva er eit større område regulert til industriformål, og der kan det vere aktuelt å etablere ein hydrogenfabrikk, seier Roppen.
Stranda kommunestyre gjorde 23. september vedtak om ny veginnføring til området, og som er inne hos fylkesmannen for godkjenning. Eit svar derifrå kan ta inntil 12 veker frå innsending.
-Vi håper å kome i produksjon, men vi må ha ein eller fleire avtakarar, for eksempel ferjesambandet mellom Hellesylt og Geiranger, og oppdrettsanlegget Hofseth Aqua.
I tillegg til dei to konsepta jobbar vi inn mot transportørar, hovudsakleg i lastebilnæringa, seier  Jan Arild Roppen.

Store investeringar

Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal har engasjert seg mykje for å få i gong hydrogenproduksjon av innestengt el-kraft frå dei tre kraftverka i Sunnylven. Det vil bli ein vinn vinn-situasjon både for miljøet og kraftverka, meiner han.
-Vi har fått ei klage på vedtaket i kommunestyret, men blir klaga avvist av fylkesmannen har vi ein godkjent reguleringsplan. Men før vi kan byggje noko som helst i området må det store investeringar til i infrastruktur, mellom anna ny veg og bru.
Og det er snakk om betydelege investeringar for å gjere området klar for utbygging så vi må jobbe intenst med finansiering. No ser vi mellom anna på moglegheitene for økonomisk støtte frå KLP (kommunal landskaps pensjonskasse) som har engasjert seg i grøne prosjekt, fortel næringssjef Bjørdal.
Han håper hydrogenfabrikken i Sunnylven kan plasserast i industriområdet på Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380