Vil diskutere klima –og miljøkrav med Erna Solberg.

Geirangerfjorden. (Arkivfoto, Olav Hauso)

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad og leiar i Stranda Hamnevesen KF, Per Erik Dalen ønskjer å diskutere nullutsleppsløysingar med statsminister Erna Solberg. I eit brev til statsministerens kontor foreslår dei aktuelle løysingar.

Ordførar Jan Ove Tryggestad og styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, Per Erik Dalen ønskjer å diskutere med statsminister Solberg nullutslepp frå cruisebåtar og ferjer i verdsarvfjordane, og løysingar som sikrar arbeidsplassane i reiselivsnæringa.
I dag er ikkje teknologi tilgjengeleg som gjer det mogleg å oppfylle Stortingets sitt vedtak frå 2018 om nullutslepp frå turistbåtar og ferjer innan 2026, heiter det i eit lengre brev sendt til statsministerens kontor.

-I verdsarvområda er reiselivet ei hjørnesteinsnæring. Kva for klima –og miljøkrav som vert stilt har stor innverknad på næringsliv, arbeidsplassar og inntekter for kommunen vår – både på kort og lang sikt.
-Ein kan ikkje kome i ein situasjon der verdsarvstatusen  vert øydeleggjande for økonomisk berekraft i små og sårbare lokalsamfunn. Ei konsekvens-utgreiing rett før situasjonen med korona, og med bakgrunn i at det ikkje vart cruisetrafikk i Geiranger synte at cruise stod for ein tredjedel av inntektene der. Det bidrog også til lokal aktivitet i skuldersesongen, står å lese i brevet.

Det må på plass løysingar som kuttar utsleppa, men det må skje på ein måte som sikrar jobbar og næringsverksemd, meinar dei to. Og dei viser til løysingar som å premiere reiarar som legg til rette for betre klimateknologi, innføre utsleppskrav også for mindre fartøy, og sikre verdiskapinga i verdsarvområdet fram til teknologi for nullutslepp er på plass.

Og eit tiltak som brevskrivarane ønskjer svært raskt er løyve til etablering av ein «blå korridor» i Sunnylvsfjorden. Frå Røbbervika til Ljøen er Sunnylvsfjorden verdsarvområde. Ein kort distanse, skriv dei, men som vil få same krav til nullutslepp som Geirangerfjorden.
Med ein «blå korridor» kan cruisebåtane gå til Hellesylt cruisekai, og turistane kan ta turen til Geiranger med nullutsleppsfartøy som blir drivne på hydrogen eller batteri.

Sidan den «blå korridoren» ligg utanfor og i ytterkant av verdsarvområdet, kan regjeringa umiddelbart gje løyve til dette, -utan å be Stortinget om å gjere endringar i vedtaket frå 2018, heiter det til slutt i brevet til statsministeren sitt kontor.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380