Motorsykkelvrak borte frå Helsetkopen

Her blir ein av syklane frakta ut frå området under Helsetkopen med helikopter.

I Mission Impossible køyrde Tom Cruise motorsykkel ut for Helsetkopen. Det enda godt for Hollywood-stjerna, men motorsyklane vart til vrak i Kophola. No er alle deler rydda vekk.

To tøffe karar med slektsband i Sunnylven, Hans Marius Ringdal og Svein Magne Frøysadal tok jobben med å plukke deler i Kophola, og oppe på Kopflåna før dei rappelerte i tau ned den 120 meter høge hammaren ned til jølet der Kopgrova renn nedover.
-Delene var spreidde over eit stort område i det til dels stupbratte terrenget under Helsetkopen, men i hjelmar og sikring med tau forflytta vi oss greitt. Berre i jølet der Kopgrova renn var det litt laust, der ligg mykje stein og grus, fortel Svein Magne Frøysadal.

I tre dagar sanka karane store og små deler frå motorsyklane i store posar som vart frakta ut med helikopter. Ein av syklane var så heil at ein kunne sjå kva det hadde vore. Også filmkamera som var på syklane og foreviga luftseglasen til krasjet 5-600 meter under toppen fann dei mange av. Kamera var ganske heile, men nokre av minnebrikkene mangla, fortel Frøysadal.

Hans Marius Ringdal og Svein Magne Frøysadal (i grønt) har landa i Kopflåna, klare til å starte opprydding.

-Inne i Kophola fann vi også fallskjermar som vi tok med. Ein av dei hadde lege der mange år, truleg var den frå ei anna filminnspeling på og frå Helsetkopen for 5-6 år sidan, meiner Frøysadal.

Den tredje dagen vart karane ferdig med ryddejobben. Då var også ein irsk fjellklatrar med for å ta bilete og film som dokumentasjon på at jobben var gjord. Same dag var også representantar frå Stranda kommune, mellom anna ordførar Jan Ove Tryggestad både opp på Helsetkopen og på synfaring under. Vi har ikkje fått ordføraren sin kommentar til oppryddinga då han ikkje har svara på vår henvendelse.

Det var eit spanande oppdrag, tykte Svein Magne Frøysadal. –Du veit det er mektig natur når du kjem inn i sjølve Kophola, dit vi gjekk berre ein og ein i gongen. Det gjekk bra, det ramla ikkje stein så vi var ikkje nær kritiske situasjonar. Men det er bra å få rydde opp igjen, noko vi trur vi gjorde svært bra.

Raude sekkar med deler vart henta med helikopter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380