Lokalnytt

Aukar produksjonen av Alpepølsa

Tommelen opp for Alpepølsa, viser Tobias Øvreberg Leite. Denne dagen skulle 10.000 snabb i røykeomnen.

Alpepølse frå Ole Ringdal AS fall i smak hos juryen under NM i kjøttprodukter nyleg. Der fekk produktet den blankaste medalja som er råd å få, nemleg gullmedalje med diplom.

Gullmedaljene med diplom var nett komne inn på kontoret då vi var innom kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt og fekk omvising i produksjonen av Alpepølsa. Som vi tidlegare har fortalt vart det gullmedalje både for Ringdal mør i kveil, og for Alpepølse snabb under NM i kjøttprodukter 2020.

-Få fram at det er våre mange dyktige ansatte som står bak desse medaljene nok ein gong, sa Ole Ringdal når vi bad han vise fram utmerkingane.

Salet av Alpepølse har teke av for fullt etter NM-plasseringa. Torsdag då dagleg leiar tok oss med på omvising var seks mann i sving med produksjon av kjøttfarse før ei maskin «skaut» ut Alpepølse-snabbar i stor fart. Det vart produsert ekstra mykje av pølsa denne dagen, rundt 10.000.

Per Kjell Leite fyller i den hemmelege krydderblandinga, ei kjøttdeig nok til 5-600 pølser.

Innhaldet i pølsa er ei godt bevart hemlegheit, eit produktet som Ole Ringdal AS kom på markedet med fyrste gong i januar i år. Men pølsa består av gode lokale råvarer av kjøtt og spekk, ei krydderblanding med ukjent innhald, og ein desj av ei grå flytane veske som vi heller ikkje fekk oss fortalt noko meir om.
Deretter var det i røykeomnen fyrt med bøkeflis, før modning i klimarommet i seks veker, då var pølsa klar for sal til kundar, fekk vi oss fortalt.

Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt ligg med Sunnmørsalpane rundt seg.
-Alpepølse var eit naturleg namn, både fordi høge fjell omkransar oss, og fordi pølsa i snabb er flott turproviant, seier Ole Arnstein Ringdal. Han anbefaler pølsa også som pålegg på brødmat, og på pizza.
No blir Alpepølsa selt over heile landet, og tilbakemeldingane er svært positive frå alle kantar. Og då filmstjerna Tom Cruise drog frå Hellesylt fekk han med seg eit handlenett av både fast og flytande lokalproduserte matvarer, fortel Ringdal.

-Klart det vart Alpepølse i handlenettet. Tom Cruise hadde mange luftige sveva både over og ut frå Sunnmørske alpefjell under filmopptaka i september, så at Alpepølsa var med i handlenettet var sjølvsagt. Og den fall i smak.

Dei hadde det travelt, men vi fekk samla alle til eit «lagbilete». Frå venstre Karl Johan Espe, Bjørn Tryggestad, Marius Steen, Per Kjell Leite, Tobias Øvreberg Leite og Per Ove Frøysa.
Årets medaljer frå NM, to gull med diplom var akkurat komne i hus, og Ole Arnstein var beordra til å viser fram. -Det er våre dyktige ansatte som har æra for medaljer og diplom nok ein gong, sa Ringdal.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380