
Koronasituasjonen og stadig strengare smittevernreglag gjer at Sunnylven bygdekvinnelag avlyser den planlagde julemessa på Hellesylt 28. november. Laget avlyser også julebordet for medlemane som skulle vere 20. november.
-Julemesse med Sunnylven bygdekvinnelag har blitt tradisjon, men denne gongen vart vi litt usikre på om vi kunne arrangere messa. Styret har prata gjennom saka, og vedtok å avlyse arrangementet i år på grunn av situasjonen kring korona-epidemien.
Det fortel leiar i Sunnylven bygdekvinnelag, Anne Marie Sømoen Frøysa. Ho må no ringe til fleire og informere om at julemessa er avlyst.
Men det blir ikkje heilt fritt for ekstra julehandel i Hellesylt laurdag 28. november. Ein av dei som hadde meldt sin ankomst var Gardskjøkkenet, og den bedrifta kjem med bilen full av god julemat. Bedrifta vil ha tilhald i gata i området ved dei to butikkane.
Kanskje kjem også Humberset frå Nordfjordeid, men det er ikkje heilt avklara enno.
Det blir ingen offisiell arrangør av julemesse på Hellesylt i år, men Anne Marie Sømoen Frøysa seier at om der er nokon som ønskjer å by fram varer kan dei sjølvsagt gjere det. Då må dei ordne med stad og anna praktisk sjølve.
Sunnylven bygdekvinnelag vil selje pepperkaker, julegløgg, og bygdekvinnelaget sin adventskalender.