LokalnyttLokalsport

Avslutta skyteskule med premiedryss

Også Erle Rusten har delteke på skyteskule, men var ikkje til stades på avslutningskvelden. Det var frå venstre Casper Tryggestad Røyr, Ane Brenne Ringdal, Tora Rusten, Fredrik Fivelstad Stadheim, Tuva Marie Korsbrekke

Sunnylven skyttarlag har halde skyteskule på miniatyrbana fem tysdagar på rad for seks 4 og 5-klassingar. Femte kvelden var det oppsummering og premiering.

Det er Rune Tryggestad og leiar i Sunnylven skyttarlag, Ola Vangen som har vore instruktørar på skyteskulen i år der det vart gått gjennom grunnleggjande tema for bruk av skytevåpen dei fyrste fire kveldane.
-Fyrst snakka vi om sikkerheit, deretter var det liggjande skytestilling, sikting, avtrekk og pusteteknikk, fortalde Ola Vangen.

Alle viste talent

Tysdag denne veka var det så avslutning og premiering. Og premiekassa som Rune Tryggestad leita fram hadde mykje spanande og som han delte ut til dei unge skyttarane. Det var sjølvsagt diplom og medalje for bestått skyteskule, men også t-skjorte, klistremerke, eit panneband med skytelapp.

Det hadde gått fint på skyteskulen for alle, dei hadde vore flinke, og dei hadde vist talent for skyting og kunne bli gode jegerar, men også konkurranseskyttarar om trening og interessa heldt seg, sa Vangen.

Trening kvar tysdag

Sist Sunnylven skyttarlag arrangerte skyteskule for ungdom var for tre år sidan. Men i 2018 arrangerte laget skyteskule for damer der det kom heile 12 deltakarar. Ola Vangen håpa no at nokre av dei ville kome på tysdagstreningane til skyttarlaget. Mange konkurranseskyttarar og skiskyttarar er på miniatyrbana og trenar, denne tysdagen venta han rundt 20, men der var plass til fleire, og gjerne fleire damer, sa han. Det var berre å ta kontakte leiar i Sunnylven skyttarlag, Ola Vangen.

Ola Vangen viser dei unge skyttarane kvar kula blir av og samla opp, og korleis treffpunkta blir registrert digitalt og vist på skjerm.
Rune Tryggestad og Ola Vangen henta mange flotte premiar ut av kassa dei hadde med.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380