«Den bortkomne sauen» kom heim
Under familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje var det utdeling av 2års-boka, og i forteljinga om «den bortkomne sauen» enda alt godt.
Gudstenesta søndag vart kalla «krøllegudsteneste», mykje fordi temaet var forteljinga om sauen som var komen bort. Då saueeigaren samla dyra mangla ein av sauene, og han måtte ut å leite.
Forteljinga vart følgd spent med på av mange born som var i kyrkja søndag, men også av vaksne. Sokneprest Jakob Højlund var forteljaren og dotter hans Silje leita og fann sauen til slutt som fekk kome heim til flokken.

Tidlegare i veke hadde trusopplærar Laura Højlund vore i Sunnylven barnehage der det hadde blitt øvd på songar og laga teikningar til forteljinga. I kyrkja fekk dei frammøtte høyre både songane framført, og sjå fine bilete av sauen. Mest imponerande var kan hende illustrasjonen laga av krølla saueull frå lokale saueeigarar.

Unge organistar
Gunnar Inge Eide er fast organist i Sunnylven kyrkje. Søndag fekk han «hjelp» av to unge på orgelet, Ingeborg Fivelstad Stadheim spela Preludium i C-dur, av Johann Sebastian Bach til inngang, og seinare under gudstenesta spela Trym Helset Canon i D, av Johan Pachelbel.
Som vakker avslutning på familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag song Kristin Storstein med Gunnar Inge Eide ved pianoet, «Du omgir meg på alle sider».

