Lokalnytt

Den nye soknepresten i Stranda og Sunnylven

Den nye soknepresten i Stranda og Sunnylven, Jakob Skovgård Højlund.

Jakob Højlund heiter soknepresten i Stranda og Sunnylven. Til dei to Sunnmørsbygdene og dei to kyrkjelydane kom han og familien sist sommar og likar seg godt.

Jakob Højlund er 36 år, dansk statsborger, men snakkar like godt norsk som ein annan nordmann, kanskje med ein liten sleng av nord-Norsk dialekt etter å ha budd sju år i Balangen i Troms som ung der far hans var teolog.
Som femten-åring flytta Jakob til Danmark saman med familien, mor som var dansk og far som var halvt norsk.

Dei siste sju åra har Jakob jobba som rektor ved ein bibelskule i Danmark, men i sommar flytta han med kona Laura, som er trusopplærar og dei tre borna til Stranda og vart prestefamilie i kyrkjelydane Stranda og Sunnylven. Og akkurat det var nesten berre ei tilfeldigheit, fortel han.

-Vi ønska å flytte til Norge å jobbe her, og vi leita etter jobbar i Telemark, for vi ønska ikkje å flytte så langt nordover og langt vekk frå Danmark. Men i Telemark var der ingen ledig jobb, men i Stranda og Sunnylven sokn på Sunnmøre var stilling som sokneprest ledig. Eg snakka med prost Svein Runde og etter den samtalen bestemte vi oss for å slå til. Det var som Gud opna ei dør for oss, gav oss mulegheiter til ein jobb i eit flott distrikt, seier Jakob Højlund.
Højlund fortel at det var eit ukjent område dei kom til. Han har aldri vore på Sunnmøre, så i sommar var fyrste turen. Når han og foreldra reiste frå Balangen til Danmark på ferie tok dei kortaste turen ned over på Østlandet. Det vart aldri nokon avstikkar til Sunnmøre, men no skamrosar han nesten sitt nye «heimland» med eit lite atterhald;.
-Her er eit flott landskap, nesten finare enn på bilete. Det eg misslikar er at fjella er så høge at sola ikkje alltid når dit vi er.

Han har ikkje fått tid til å bestige dei høgaste toppane enno, det har blitt med kortare turar som over Ljøbrekka og til Dregetua så langt.

Vi spør om inntrykket hans av dei to kyrkjene på Stranda og i Sunnylven, begge stader med gamle kyrkjer.
–Vi er velsigna med store fine kyrkjerom på begge stader, då er det ikkje så fårleg om dei er gamle, men det viktige er besøket og livet i kyrkjene, og få fortalt evangeliet. No har situasjonen vore vanskeleg med korona, og på Hellesylt kan vi ikkje bruke kyrkjelydshuset heller. Eg er glad for at skulen kan nytte huset, men eg saknar nærheita og samtalen med folket i Sunnylven, gjerne over ein kaffikopp. Eg har veldig lyst til å bli betre kjent med dei som bur på Hellesylt og i Sunnylven. Det blir meir kontakt med folk på Stranda der vi bur og møter personar dagleg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380