Lokalnytt

Feira gullprodukt ved Ole Ringdal AS

To store marsipankaker stod klar til lunsjpausen til dei tilsette hos Ole Ringdal AS. To gullmedaljar skulle feirast.

Under NM i kjøttprodukter 2020 henta Ole Ringdal AS heim to gullmedaljar, for spekemør i kveil, og Alpepølse snabb. Dermed vart dei tilsette i bedrifta invitert til kakefest i kantina i år igjen.

To digre marsipankaker var på plass i kantina ved Ole Ringdal AS måndag. Nye topplassar for kjøttvareprodukt i NM måtte sjølvsagt feirast saman med dei tilsette, meinte leiinga for bedrifta på Ragnhildholmen på Hellesylt.
Og skrift på marsipankakene fortalde tydeleg kva produkt som hadde begeistra juryen til gull, nemleg spekemør i kveil, og Alpepølse snabb.

Kanskje verdens beste

I kantina tok dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal ordet og helsa og takka frå bedriftsleiinga. Han gratulerte med to nye gullmedaljar, det var fantastisk bra. –Det er dokka si ære. At Alpepølsa gjekk heilt til topps var nesten venta, -det er kanskje verdens beste, i alle fall Norges beste pølse, det vart bevist under NM, sa Ringdal mellom anna.
Også gullmedalje til spekemør i kveil var sterkt, meinte dagleg leiar. Og spekemør frå Ole Ringdal AS er eitt av produkta som frå starten i 1938 har gjort bedrift kjent over heile landet.

Produksjonssjef Bjørn Tryggestad fekk det fyrste kakestykket av dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal. Angele Vinje skar store stykke.

Alle viktige

Dermed vart det store kakestykke og kaffi til alle frammøtte i kantina, oppskore og servert etter gjeldande smittevernreglar. Det aller fyrste kakestykket gjekk til pølsemakar og produksjonssjef Bjørn Tryggestad. Han har hatt sin arbeidsplass ved bedrifta i 40 år, og vore ei god og trufast person, sa Ole Arnstein, men la til; -også alle andre tilsette er like viktige.

Fulle klimarom

Etter kakefesten, og etter oppdressing i verneklede tok dagleg leiar med pressa på omvising i den store bedrifta. Det er midt i høgsesongen framfor salet av all slag juleprodukt, og vi trur alle får kjøpt det dei har behov for. Fleire klimarom og kjølelager var fulle av pinnekjøtt, fenalår, pølse av mange slag og meir, alt produsert av norske råvarer, levert av norske bønder.
Og i slakteriet vart det jobba for fullt. Denne dagen skulle det slaktast 400 sau og 50 kje. Seinare i veka var det innmeldt 50 storfe for slakting.

Alpepølse, eit nytt produkt i 2019 er kanskje verdens beste. No må bedrifta auke produksjonen for å dekke opp etterspørselen.

Auka omsetning

Vi stilte spørsmål om bedrifta hadde merka nedgang i salet grunna korona-epidemi og restriksjonar på arrangement som julebord og liknande. Det hadde ikkje dagleg leiar merka enno, men det var noko endring i produktspekteret som vart selt. Totalt låg det ann til 10 prosent auke i årsomsetninga, eller 15. mill. kroner meir enn i 2019, sa Ole Arnstein Ringdal. Han ønska seg meir slaktedyr lokal, for bedrifta må kjøpe inn råstoff frå andre slakteri for å dekke etterspurnaden.
I fjor gjekk det ut 3000 tonn kjøttvarer frå Ole Ringdal AS.

Fulle klimarom.
Fulle klimarom.
Litt av det som vart slakta ved Ole Ringdal AS måndag 2. november.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380