Frank Sve, Stranda på andre plass

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp, Frank Sve frå Stranda er sett opp på andre plass på partiet sitt stortingsvalliste.

Fylkesleiar i Frp, Frank Sve frå Stranda kom på andre plass på Frp si valliste til Stortingsvalet neste år. Stortingsrepresentant Sylvi Listhaug toppar lista.

Møre og Romsdal Frp heldt sitt nominasjonsmøte laurdag. Som venta kom Sylvi Listhaug på fyrste plass på lista, og Frank Sve fekk andreplassen etter at tidlegare statsråd Jon Georg Dale har varsla at han går frå stortinget til næringslivet.

Jan Steinar Engeli Johansen kom på tredje plass, og Anne Marie Fiksdal blir fjerdekandidat. Fylkespartiet skriver på Facebook at nominasjonskomiteens listeforslag ble enstemmig vedtatt ved akklamasjon.

Frank Sve har lang røynsle innan politikken, både som ordførar, og medlem av kommunestyre og nemnder i Stranda. Også på fylket har han hatt mange politiske verv, og engasjert seg spesielt innan samferdsel.
I dag har Frp Møre og Romsdal to representantar på Stortinget, Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380