Gatesal kveikte julestemninga

Johannes Friestad t.v. og Per Ingebrigt Karbø hadde mange kjøparar av kålrot, og spesielt av poteter.

Julemessa på Sunnylven samfunnshus vart avlyst i år, men fleire rigga sine boder i gata på Hellesylt og med eit variert utbod varer.

I 12 år, heilt frå 2008 har det blitt skipa til julemesse i samfunnshuset på Hellesylt. Der har årleg vore 12 – 15 stand med varierande vareutval. I år måtte Sunnylven bygdekvinnelag avlyse julemessa, både fordi Sunnylven skule/samfunnshus er under rehabilitering, men også på grunn av den pågåande korona-epidemien.

Men i Hellesylt sentrum vart det triveleg stemning likevel på laurdag før advent, nesten som jula alt var koma. Det varma godt frå fleire bålpanne, og røyken frå tørr bjørkeved la seg lett over området. Om vareutbodet ikkje var like stort som vanleg var der mykje både godt og flott å handle på også denne gongen.

Lene Kampenhaug tykte Hellesylt-folket var flinke å handle både spekemat og røykte ørretprodukt.

Gardskjøkkenet var på plass med fenalår og røyka ørret i fleire variantar. -Hellesylt-folk handlar alltid godt av oss, så vi er godt fornøgde med dagen, sa Lene Kampenhaug bak salsdisken. Ho styrte butikken for Gardskjøkkenet denne dagen då sjefen sjølv var på torghandel i Ulsteinvik, fortalde ho.

Litt lenger bort i gata var «bondens marknad» med kålrot og pimpernell poteter. Varene gjekk unna også i år, sa Per Ingebrigt Karbø som hadde med seg Johannes Friestad som hjelpar. Framleis hadde dei kålrot i tilby, men poteter var det nesten slutt på i varebilen.

Birgitte Rørhuus Øie selde dekorasjonar sett saman av små perle, eller Diamond painting som det heiter på fagspråket, og like ved baud Wenche Solli på fine julestjerner. Hos Heidi M. Hauge var utvalet godt i både syprodukt og strikka plagg.

Sunnylven bygdekvinnelag drog i gong gatemessa, og spanderte gløgg på alle som besøkte standen deira. Marit Hellebost serverte, og nøgd gjest var Karolin Parte. I bakgrunnen leiar Anne Marie Sømoen Frøysa i prat med Kari Hauso Stadheim.

Sunnylven bygdekvinnelag har vore arrangør av tidlegare julemesse, og var på plass mellom dei andre med sin stand. Der serverte damene gratis gløgg og selde laget sin adventskalender.
Leiar i bygdekvinnelaget, Anne Marie Sømoen Frøysa sa det hadde gått greitt å vere ute, i alle fall når veret var så bra som denne laurdagen. Gjennom dagen hadde det vore overraskande mange innom, salsbodene i gata på Hellesylt hadde blitt ei mindre, men fin erstatning på den tradisjonelle julemessa, tykte ho.

Og om nokon tykte novemberdagen var litt hustrig var ein kaffikopp på Hellesylt Boutique & Bar eit godt alternativ der det var ope for innsteg.

Heidi M. Hauge hadde mange fine og varme plagg for sal.
Birgitte Rørhuus Øie selde Diamond painting-produkt, og litt lenger bort i gata fann vi Wenche Solli med sin stand.
Og for alle med lyst på kaffi hadde Ellen Angelika Fivelstad ope på Hellesylt Boutique & Bar.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380