Gudstenester i Sunnylven kyrkje

I Sunnylven kyrkje blir det fleire gudstenester fram mot jul. Den fyrste er Krøllegudsteneste komande søndag 22. november.

Etter reglane som gjeld er femti personar det høgste lovlege tal personar under gudsteneste. Alle må notere namn ved ankomst i kyrkja i tilfelle smittesporing i samband med korona-epidemien skulle bli naudsynt.
Det er sagt at det tidleg i desember kan kome nye retningslinjer for gudstenester.

«Den bortkomne sauen»

Søndag 22. november er det Krøllegudsteneste i Sunnylven kyrkje, ei gudsteneste tilrettelagt for born. Gudstenesta er eit trusopplæringstiltak, ei gudsteneste lagt til rette spesielt for born, fortel sokneprest Jakob Højlund. Gjennom dramatisering og song blir forteljinga om «den bortkomne sauen» med krølla ull som kom bort formidla.
Også vaksne personar vil ha glede av framføringa, seier Højlund.

Lysmesse

Søndag 29. november er det lysmesse i Sunnylven kyrkje. Alle er velkomne til kyrkje klokka 16.00, men soknepresten minner om at alle må notere seg på liste ved inngang i tilfelle smittesporing.

To gudstenester på julaftan

På julaftan blir det to gudstenester i Sunnylven kyrkje. Liturg blir Ann Kristin Langeland, og ved orgelet Lars Kvam Karbø under begge samlingane.
Den fyrste blir klokka 14.30, og den andre klokka 16.00.
Alle som ønskjer å gå i kyrkja julaftan må melde seg på til kyrkjekontoret. Eldre som ikkje er vande med eller har digitalt hjelpemiddel for påmelding kan ringe kyrkjekontoret.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380