Julearrangement i ei korona-tid

Søndag 29. november blir julegrana i Hellesylt sentrum tent. Men i år blir det ikkje gong kring treet slik som på biletet frå 2017.

Sjølv om korona-epidemien og smitteverntiltak dominerer kvardagen og nyheitsbildet blir det basar, julelotteri og meir i Sunnylven. Ikkje som arrangement, men trekning mellom loddkjøparar på loddbøker.

I Sunnylven er dei faste førjulsarrangement avlyst i år, men fleire lag arrangerer lotteri og basarar gjennom loddsal både frå stand eller digitalt med å vippse eit beløp.

Julemessa avlyst

Grunna korona-epidemien valde Sunnylven Bygdekvinnelag å avlyse julemessa laurdag 28. november i år. Laget vil selje sin julekalender ved stand i Hellesylt sentrum, og Gardskjøkkenet kjem og stiller opp i sentrumsgata med torgbilen full av god julemat av bearbeida ørret/laks, og spekemat.

Skulekorpset med lotteri

Juletombolaen og konkurransen i bygging av pepperkakehus vart avlyst i år, opplyste leiinga for skulekorpset. Men framleis pågår det loddsal på det store lotteriet som skulekorpset arrangerer i staden. Kjøp lodd og bli med på trekning av mange flotte gevinstar som du kan lese om her; https://www.hellesylt.info/2020/11/sunnylven-skulekorps-med-julelotteri/
Vipps eit beløp og skriv kven som lodda skal skrivast på så har du sjansen til ei ekstra, fin julegåve.

Sanitetslaget med basar

Avlyst er også basar-arrangementet med snurrelodd som Sunnylven sanitetslag brukar å halde i førjulstida. Men basargevinstar har laget fått frå både næringslivet og private, og mange har laget skaffa sjølve. Så då blir det trekning frå loddbøker torsdag 26. november.
Laget har hatt stand og selt lodd på Coop marknad, Hellesylt, men fram til torsdag kan det kjøpast lodd ved å vippse eit beløp og skrive namn på loddkjøparen. Sjå; https://www.hellesylt.info/2020/11/sunnylven-sanitetslag-held-basar/

Tenning av julegrana

Det blir tenning av julegrana på Hellesylt søndag 29. november klokka 15.15. Der spelar Sunnylven skulekorps mange av våre kjente julesongar, men i år blir det ikkje gong kring treet. Korpsleiinga oppmodar publikum å møte fram og i staden for å gå rundt den kommunale julegrana å synge med på julesongane.

Lysmesse i Sunnylven kyrkje

Frå julegrantenning kan alle gå til Sunnylven kyrkje. Klokka 16.00 blir det tradisjonell lysmesse, ei vakker og stemningsfull stund på fyrste søndag i advent.

På fyrste søndag i advent, 29. november er det lysmesse i Sunnylven kyrkje. (Foto frå arkivet)

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380