Julegrantenning nesten som vanleg

Søndag 29. november blir julegrana på Hellesylt tend. I år blir det ikkje gong kring treet, men alle blir oppmoda om å ta del og synge med på julesongane. (Foto frå arkivet)

Til kjende og kjære juletonar frå Sunnylven skulekorps blir julegrana i Hellesylt sentrum tend 1. søndag i advent, 29. november,

I utgangspunktet blir det tradisjonelt opplegg med julegrantenning på Hellesylt søndag 29. november. Samlinga ved den kommunale julegrana på Ole Ringdal`s plass der Sunnyven skulekorps spelar juletonar blir som vanleg klokka 15.15, får vi opplyst.
Grunna korona-situasjonen blir det ikkje gong kring julegrana i år, men leiinga for korpset oppmodar folk om å møte fram og synge med på julesongane som korpset spelar.

-Det skal bli ei fin inngang på advent og juletida også i år når julegrana på Hellesylt blir tend, lovar korpsleiinga. Sunnylven skulekorps består no av ni unge musikantar, men blir forsterka i høve jula med fleire støttespelarar. Dirigent er Trond Otto Berg.

Etter julegrantenninga er det lysmesse i Sunnylven kyrkje, liturg er Jakob Højlund, og ved orgelet Gunnar Inge Eide.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380