Lokalnytt

Julehelsing og attersyn frå Venneforeininga

Hellesylt Bygdetun (Foto frå arkivet)

Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun har sendt ut giro for betaling av medlemskontingent for 2021. Med følgde også ei julehelsing med oversikt over aktiviteten det siste året.

Hellesylt Bygdetun med bygningar og anna husgeråd er eigd av Stranda kommune. Eit større vedlikehald av den 200 år gamle røykstova i Bygdetunet har vore planlagt lenge, men finansiering har stoppa arbeidet. Både grunnmuren som sig og råteskader i tømmerveggane må utbetrast.

Det starta så smått i 2019, men etter få dagars arbeid vart det klart at arbeidet vart meir omfattande enn fyrst tenkt. Heile huset måtte takast ned, og sendast til Volda der restaureringshandtverkar Kåre Løvoll skulle få utført jobben med innfelling av friske materiale. I 2021 skulle så huset setjast på plass igjen i Hellesylt Bygdetun.
Det vart klart at arbeidet medførte betydelege kostnader. Overslag viste heile 1.4 mill. kroner, og så langt har dessverre ikkje noko skjedd, står å lese i skrivet frå Venneforeininga.

Korona-pandemien har gjort at det ikkje vart halde årsmøte, og heller ikkje olsokstemne i 2020. Einaste aktiviteten i Bygdetunet var det 22 elevar frå ungdomssteget ved Sunnylven skule som stod for i mai. Då var dei der og rydda krattskog, uønska vegitasjon som hadde vokse opp på området rundt gamletunet. Det vart ryddig og pent, og trestubbar etter mindre tre vart påført veksthemmande middel, heiter det i attersynet frå Venneforeininga.

I ein kommentar til slutt håper Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun at vedlikehaldet av gamlestova vil kome i gong snart, og at korona-epidemien går over slik at det kan bli ny aktivitet i Bygdetunet.

Medlemskontingenten i Venneforeininga er kr. 100.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380