Lokalnytt

Kjende til problema for cruisetrafikken

Cruisebåten Pacifica til kai på Hellesylt.

Det kom ingen konkrete lovnader om endringar for utslepp frå båt –og cruisetrafikken under møtet ordførar og styreleiar i Standa hamnevesen hadde med statsminister Erna Solberg, men ho var orientert og signala var positive.

Vi møtte ein statsminister som var godt orientert på førehand om situasjonen for cruisenæringa i verdsarvfjordane. Møtet vart så bra som forventa, seier ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda kommune, som saman med styreleiar i Stranda hamnevesen KF, Per Erik Dalen hadde møte over skype med statsminister Erna Solberg måndag.

Utsetjing til 2030

-Møtet viste at det nyttar å engasjere seg inn mot partigruppene, i dette tilfelle Høyre, for statsministeren var godt orientert om situasjonen som vil oppstå om vedtaket til Stortinget med utsleppsfrie båttrafikk i verdsarvfjordane skal setjast ut i livet frå 2026. Vi ønska å få ei utsetjing av kravet fram til 2030, og samtidig få oppretta ein såkalla «blå korridor» i Sunnylvsfjorden umiddelbart.

Ny behandling i februar/mars

-Erna Solberg kunne ikkje love noko, verken utsetjing fram til 2030, slik Frp har sendt inn forslag på, eller innføring av «blå korridor».
Statsministeren lova å sjå nøye på tilhøva og jobbe for nødvendige justeringar når saka kjem opp i Stortinget igjen, truleg i februar / mars neste år, fortel Tryggestad.
-Det var gledeleg at ho var orientert, vi fekk inntrykk av at ho kjende saka godt. Det viser at det nyttar å jobbe inn mot partigruppene slik vi har gjort, både mot Ap. Frp og Høyre.

Hydrogen og landstraum

Om det ikkje blir ei utsetjing håper Stranda kommune å få innført ein såkalle «blå korridor» i Sunnylvsfjorden, strekninga frå Røbbervika til Ljøen der cruiseskip og andre båtar fritt kan passere og gå til Hellesylt. Der i frå er ønskje at cruisepassasjerar kan fraktast inn fjorden til Geiranger på utsleppsfrie båtar, drivne på batteri eller hydrogen, ei ordning ordføraren håper å få gjennomslag for alt no.

Høyring i næringskomitéen

-Ei slik løysing krev at hydrogenfabrikken kjem og at vi får utbygd landstraum på Hellesylt, for vi kan ikkje la cruisebåtane ligge «å ryke» ved cruisekaia på Hellesylt, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.

Han skal på nytt telefonmøte i dag når næringskomitéen har høyring om saka. Ordføraren har fått tildelt tre minutt til å bere fram kommunen og næringslivet sitt syn. Med på dette møtet er også hamnesjef Rita Berstad Maraak om det skulle dukke opp spørsmål av teknisk art, seier han.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380