Korsbrekkelaksen «kjem heim»

Tilbakemeldinga frå Veterinærinstituttet i Trondheim var farga gul, for alle dei tretti stamlaksane som vart tekne inn til klekkeriet i Husøyna i år var villaks av Korsbrekke-stamma. No blir nye 100 000 yngel produsert for utsetjing til våren.
Ved Veterinærinstituttet i Trondheim er det blitt analysert skjellprøver av 30 laks som vart fanga inn i Korsbrekkeelva til bruk i yngelproduksjon. Elveeigarane var spent på resultatet, dei ønska seg stamlaks med gener frå den lokale laksestamma, og det fekk dei.
Resultatet viste at dei har fått «i hus» stamfisk av Korsbrekkestamma.
-Vi er veldig godt fornøgde med resultatet, seier Glenn Stadheim og viser tommelen opp. Hadde fargen vore raud hadde ikkje laksane med det nummer blitt nytta i avlen. Og Glenn er overtydd om at kultiveringsarbeidet som elveeigarane driv er viktig, for laksen kjem tilbake til elva der den blir sett ut som yngel, seier han.
Det var plussgrader og nesten ikkje nedbør då Arne Korsbrekke, Glenn Stadheim og Jørn Stadheim jobba med stryking av stamlaks for tredje gong i haust.
-Slik har det ikkje alltid vore alle åra her ved klekkeriet. Mange gonger har det lege snø, og det har vore fleire minusgrader. Då er det ein kald jobb, seier Arne Korsbrekke.
Klekkeriet i Husøyna vart teke i bruk i 1932, og Arne har vore her årvisst frå 1953, seier han. Han kan jobben, for om ho-laks er klar for stryking av rognkorn blir avgjerda om det overlate til han med erfaring.
Som tidlegare år skal det produserast rundt 100 000 lakseyngel også denne gongen. Det bli litt på skjønn, vi måler ikkje opp mengda rognkorn lenger. Før rekna vi 5000 korn på ein liter, no tek vi det på skjønn og erfaring, seier Arne. Med ullvottar på fingrane held han og stryk nok ein ho-laks, før det blir tilsett mjølke frå to hann-laksar, ein liten og ein stor for å vere på den sikre side, seier han.
Det blir fleire turar til klekkeriet i Husøyna og stryking av stamlaks for elveeigarane. Rundt 15. november brukar vi å vere ferdige, seier dei.