Lysslyngene på plass på Hellesylt

Torsdag var spreke pensjonistar i arbeid med å få hengt opp lysslynger i trea langs gata i Hellesylt sentrum. For åttande året på rad kom trivselstiltaket til jul på plass.
Dagen før hadde folk frå kommunen sett opp julegrana med lys på Ole Ringdals plass. Eit flott grantre også i år. Torsdag var det dei tradisjonelle lysslyngene som skulle på plass og pryde sentrum langs gata frå Hægstad Gård og forbi Sparebanken Møre.
Nye lysslynger
Veret var godt denne dagen, julesnøen som kom var reist igjen, og temperaturen var behageleg for årstida. I år var det kjøpt inn nye lysslynger, det ordna Åge Gjørvad, ein av veteranane i «lysslyngegjengen». Han tok køyretur ut av bygda og handla, men om han har fått dekka kostnaden med kjøpet eller betalt det privat veit vi ikkje.
Burde hatt fast straumuttak
Torsdag kom dei i alle høve på plass i trea. For å sjå om alle fungerte som dei skulle måtte den trafikkerte gata kryssast med ei skøyteleidning. Slik kan det ikkje vere permanent, så lift måtte leigast inn og gata skulle så kryssast med skøyteleidning som luftspenn.
Området mellom skulen og Coop burde avgjort hatt ei fast innretning for straumuttak. Det ville mange andre, torgbilar, arrangement under Hellesyltdagane, og ved enkelt høve også gatemusikantar hatt nytte av. Kanskje burde Stranda kommune sjå nærare på å få på plass eit straumpunkt, og samstundes få gjort ei utbetring av lyssetjinga i Hellesyltfossen.