For 35 år sidan

Mange oppgåver ventar på Hellesylt Vel.

Av det første styret i Hellesylt Vel er det berre to som lever att. Dei er t.v. på biletet Petra Sæther og Kristine Ringdal. Dei ønskjer no begge at laget skal kome i aktivt arbeid igjen.

I den seinare tid har fleire nemnt på at ein skulle fått i arbeid att det laget som heiter Hellesylt Vel. Som fortalt nedanfor har medlemmar i laget m.a. teke initiativ til ei beplanting av området på fyllinga ved elva. Hellesylt Vel er no eit 25 år gammalt lag. Det var skipa 13/12 1959, og formålsparagrafen sin første lekk lydde slik: Hellesylt Vel har til formål å arbeide for at Hellesylt vert ein so ven og triveleg stad som mogleg, til gang for bygdefolk og tilreisande. Ut frå denne formålsparagrafen skulle det finnast oppgåver å arbeide for også i dag.

Som nemnt vart Hellesylt Vel skipa i desember 1959. Til formann vart då valt Petra Sæther. Dei andre medlemmane var Olav Gausdal, Arnljot Syltevig, Kristine Ringdal og Sverre Balteskar, som var sekretær i styret.

Aksjon for gateljos i Hellesylt sentrum.

Den første store saka Hellesylt Vel arbeidde for, var å skaffe gateljos i Hellesylt sentrum. Ein aksjonskomite vart vart, og planen var å få anlagt gateljos på strekninga Hellesylt kai – Ringdal bru, og sidegreinene ut til Solborg skule og inn til idrettsplassen. No vart ikkje alt dette gjennomført. Men laget fekk ordna det slik at det i første omgang vart sett opp gateljos frå kaia og opp i Bedehussvingen.

Innsamla midlar.

Dåverande Sunnylven kommune stod framfor store økonomiske utteljingar, og Hellesylt Vel var klar over at dei ikkje kunne få løyvingar til formålet utan sjølve å samle inn ein god del av beløpet. For å få inn midlar vart det halde basarar. Bedriftene betalte inn frå kr. 50 til kr. 100,- og medlemmane betalte ein kontingent på kr 5,- pr. person. Alle over 15 år kunne vere medlemmar og laget hadde første året 64 betalande medlemmar.

Kommunen løyvde kr 5000,-

Etter innsamlingane vart det sendt søknad til kommunen om midlar. Kommunestyret behandla denne saka 24. mai 1961, og gjorde då vedtak om førebels å løyve kr. 5000,- av kaikassa (etter framlegg frå kaistyret). Føresetnaden var at dei midlane som Hellesylt Vel hadde samla inn vart stilte til rådvelde for dette tiltaket og at Hellesylt Vel arbeidde vidare med saka med tanke på innsamling og gratisarbeid.

Dugnadar.

Fram gjennom åra har medlemmar delteke på dugnadar og i samband med ryddeaksjonar i Hellesylt sentrum. Men ynskjer frå mange er at laget no på nytt kjem i aktivt arbeid både når det skal gjerast initiativ til tiltak, gjennomføre tiltak og som pressgruppe overfor politikarane i kommunen.

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info