Minner om innlevering av trimskjema.

På toppen av Steimsnibba.

Trimgruppa minner om at trimskjema for 2020 no må leverast inn for å kome med i trekninga av premiar.

Trimskjema kan leverast inn på Coop Marked på Hellesylt.

Innleveringsfrist var sett til søndag 15. november.
Innleverte skjema vil bli henta inn ein av dei næraste dagane. Dersom du ynskjer å vere med i trekninga, men framleis ikkje har levert skjema så stikk innom Coop’en og lever skjema i kassa.

Premiar er gåverkort fordelt på følgande kategoriar:

Born alle postar, verdi 500.- kroner
Born meir enn ti postar, verdi 300 kroner
Born, levert trimskjema, verdi 200.- kroner
Vaksne alle postar, verdi 500.- kroner
Vaksne meir enn ti postar, verdi 300.- kroner
Levert trimskjema, verdi 200.- kroner

For å vere med i trekninga må ein levere trimskjema. Det er ikkje nok med registrering på Georeg.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info