Lokalnytt

Nytt instrument i bruk i kulturskulen

Carolin Eide spela cembalo, og Evgenii Zhukov tverrfløyte. På bildet er også Gunnar Inge Eide

Gode krefter har starta ein kulturdugnad for Storfjord kulturhus som har økonomiske vanskar. Laurdag var det lunsjkonsert der kulturskulelærarar og elevar tok i bruk eit nytt instrument i «storstova» på Stranda.

Frå «Barokk til notid» var nemninga på konserten med kulturskuleelevar og nokre av deira lærarar i Storfjord kulturhus. Konserten kom i stand både som ei økonomisk støtte til kulturhuset, men også for å innvie eit nytt tangentinstrument i kulturskulen, ein cembalo.

-Det var ein dag på jobben at lærar Gunnar Inge Eide stakk innom kontoret, og eg spurde kva han ønska seg i kulturskulen. Ein cembalo, kom det kjapt og kontant, fortalde rektor Trond Otto Berg.
Og ønsket var oppfylt, for gjennom kontakter fekk dei kjøpt instrumentet til ein «behageleg pris» hos familien etter Ragnar Aske i Volda. Og Berg takka så mykje til Gjensidige som støtta kjøpet og betalte for heile instrumentet.

Askjell Molvær fekk æra av å vere den første som spela på instrumentet under konsert.

Lettspela og følsamt

Laurdag vart det grundig innvigd av både elevar og lærar.
-Eg er glad for kulturdugnaden til inntekt for kulturhuset, og eg er umåteleg glad for å presentere det nye instrumentet, sa Trond Otto Berg som ønska alle, og spesielt tidlegare kulturskulelærar Askjell Molvær velkomen. Det var kome i hus eit cembalo-instrumen, noko Molvær ofte snakka om då han jobba i kulturskulen på Stranda, sa Berg.
Laurdag var det nettopp Molvær, som hadde teke turen til Stranda som fekk æra av å opne konserten på instrumentet. Det var lettspela, følsamt, og i motsetnad til piano så har det ikkje pedalar, forklara Molvær.

Ingeborg Fivelstad Stadheim
Trym Helset.

Barokkmusikk

Det let så flott, og dei 40 – 50 i salen drøymde seg nok tilbake til barokken og musikk av dei mange store komponistane på 17 -1800-talet.
Også mange fleire fekk spele på instrumentet på scena i kulturhuset, både elevar frå Stranda, og Ingeborg Fivelstad Stadheim og Trym Helset frå Sunnylven. Også lærarar i kulturskulen imponerte stort, Evgenii Zhukov på tverrfløyte, Carolin og Gunnar Inge Eide på cembalo, og Trond Otto Berg på pikkolotrompet.

Kritisk for kulturhuset

-Økonomien i Storfjord Kulturhus er på eit kritisk nivå som følgje av publikumssvikt og restriksjonar i samband med korona-tiltak. Kulturlivet er avhengig av eit profesjonelt drive kulturhus, i motsett fall kan det gå konkurs. Kulturhuset har opplevd svikt på grunn av korona-epidemien, men det er ikkje fårlegare å gå i kulturhuset på kino eller konsert enn andre stader, sa Trond Otto Berg i ein sterk appell om at alle måtte ta eit tak for å berge drifta av Storfjord Kulturhus.
Han oppfordra folk om å kome på arrangement, gjerne vippse eit beløp (59 98 60) som støtte og merke seg når neste kulturdugnad som blir laurdag 23. januar.
-Kom gjerne med gode forslag til kulturelle innslag, møt fram på arrangementa og spreie informasjon til andre slik at vi får opp aktiviteten. sa Berg.

Gunnar Inge Eide t.v. og Trond Otto Berg.

Støtt «Kulturdugnad»

Vipps og støtt kulturdugnaden for Storfjord Kulturhus på 59 98 60, og merk ditt bidrag med «Kulturdugnad». Alle som vipsar bidrag på over kr. 100.- og merkar overføringa med «Kulturdugnad» er med på trekking av 5 billettpakkar, kvar med to billettar til valfrie konsertar i Storfjord Kulturhus i løpet av 2021.
Initiativtakar til dugnaden for kulturhuset er kulturlivet i Stranda.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380