Lokalnytt

-Ønskeliste for Hellesylt er lang

Knut Hole starta Hellesylt El-sykkelutleige i 2015. No vurderer han å selge verksemda til andre.

 

Knut Hole, busett på Hole i Sunnylvsbygda er kjent for mange som bussjåfør i Stranda og Sykkylven billag i mange år, men han var også stor husdyrbonde saman med kona Signy. For seks år sidan starta han Hellesylt El-sykkelutleige.

Knut Hole er glad i bygda si og har ei ønskjeliste for utvikling som han håpar blir realisert.
-Eg er oppteken av at det skal skje noko positivt i bygda vår, seier Knut Hole til hellesylt.info. Han myldrar stadig kring ting som burde skjer, som han håper vil bli realisert i framtida.

-Merete Løvoll Rønneberg i Geirangerfjorden Verdsarv sa ein gong at Hellesylt har ein stor «godtepose» som enno ikkje er opna. Heilt sant, men no trur eg godteposen er funnen og blir opna snart. Eg er veldig glad for at familien Flakk har lukkast på Øye, og at dei no kjem til Hellesylt og satsar på restaurering av Grand Hotel, og nytt hotell på Ljøen.

I 2015 starta Knut Hole selskapet Hellesylt el-sykkelutleige. Interessa for å leige syklar har variert, fortel han. I 2020 utvida han tilbodet med både sparkesyklar og ein fireseters elektrisk bil. Bilen, ein Mitsubishi mier1 som har ei rekkevidd på 120 km. og kan køyrast av alle med vanleg bilsertifikat. https://www.hellesylt.info/2020/05/bil-og-sykkelutleige-med-utvida-tilbod/

No vurderer Knut Hole å gje seg med denne verksemda og selje både el-syklane og den batteridrivne bilen. –Eg har ikkje nok kunnskap om reiseliv og det som må til for å lukkast. No har eg to aktørar som gjerne vil overta og drive Hellesylt el-bil og el-sykkelutleige, og det ser eg fram til, seier han.

Knut Hole er levande oppteken av å skape trivsel og vekst på Hellesylt og i Sunnylven. Han har, og kjem stadig med idear om kva ein kan gjere i så måte. Mellom anna kom han med sine tankar om vidare utbygging og fullføring av Hellesylt cruisekai under Hellesyltdagane i 2019. Også andre kom inn med forslag til den opne idékonkurransen, men verken Hole eller andre sine løysingar har blitt realitet så langt. https://www.hellesylt.info/2019/07/spanande-utnytting-av-cruisekaiomradet/

No håper han at Flakkgruppen si satsingar på Hellesylt og Ljøen skal gje bygda eit oppsving. Og det er viktig at alle støttar opp om desse og andre gode investeringar og trivselstiltak, seier han. På ønskjelista for Hellesylt har Knut Hole fleire saker, og her står hotell i drift både på Ljøen og Hellesyltneset på topp.
Dernest reknar han opp ny ferjekai, hydrogenproduksjon, heilårs ferje mellom Hellesylt og Geiranger, driven på hydrogen, og han ønskjer ein «blå korridor» for cruisebåtar i Sunnylvsfjorden. Også ferdig utbygd cruisekai, og reinsestasjon for kloakken på Hellesylt må kome, meiner den pensjonerte bussjåføren, no gründer og gardsdreng på Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380