Lokalnytt

Ønskjer ikkje villcamping

(Illustrasjonsfoto)

I arbeidet med å få på plass ei ordning med fellesgodefinansiering i området, er det sendt ut eit notat, og med ønskje om tilbakemelding på aukande villcamping i Geirangerfjorden verdsarvområde med omland.

Merete Løvoll Rønneberg, formidlingsleiar naturarv/kulturarv, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har sendt ut eit utkast til notat til ein del grunneigarar og andre, der det blir bedt om tilbakemelding på om villcamping i området er eit problem eller ikkje.

Merete Løvoll Rønneberg understreke at dette IKKJE er eit initiativ for å jage folk frå området.
-Vi er svært klare på at godt vertskap og ei velkoma haldning er grunnleggande for å byggje godt omdøme, og for at folk skal ønskje å besøke området. Allemannsretten har mange verdifulle sider det er viktig å oppretthalde.

-Vi ønskjer å finne konstruktive løysingar, som både ivaretek behova til dei besøkande, men òg ivaretek dei fastbuande, og natur- og kulturkvalitetane her.

Ønskjer synspunkt på notatet

-Vi set pris på at de sender eventuelle tilbakemeldingar innan torsdag 3. desember til underteikna. Om de har gode foto som kan illustrere utfordringane, set vi òg pris på å få tilgang til dei,
skriv Merete Løvoll Rønneberg, som kan nåast ved;
Norsk Fjordsenter, Gjørvahaugane 35 6216 GEIRANGER

merete@verdsarvfjord.no    Mobil: 99 37 65 85

 

Villcamping i Geirangerfjorden verdsarvområde med omland og problem knytt til det:

Området har mykje besøk i sommarhalvåret. Problema knytt til villcamping er ikkje knytt til det tradisjonelle «friluftsfolket» på tur i fjella. Utfordringane er knytt til bruken av rasteplassar, camping på innmark/dyrka mark, og dels i kulturbeite. Særleg når det gjeld sistenemnde har mange vanskar med å forstå skilnaden mellom innmark og utmark. Belasta areal er ofte beiteområde, og i områda rundt populære turråser (stiar). Den uønska campingen er alltid nær veg og parkering, og bidreg til ei slags «privatisering» av område som anten bør vere offentleg tilgjengelege for alle i kortare tidsrom, eller som er privat eigedom, eller for nært slik eigedom.

Vi ser desse utfordringane:

Forsøpling:
Det ligg tidvis att mykje søppel på desse plassane. Glasrestar, metallboksar o.l. som kan vere til skade for dyr og menneske som ferdast der. Dette er spesielt farleg på slåttemark dersom metall o.l. skulle kome i fôrhaustaren.

Toalett:
Områda blir naturleg nok brukt til toalettbesøk, og når dei mest populære plassane blir brukt nær kvar dag i sommarsesongen, seier det seg sjølv at det ikkje er veldig triveleg. Bær/soppsanking rundt desse områda er det heilt slutt på. Do-gåing i naturen kan òg vere ei potensiell smittekjelde, dette basert på sjukdom og medisinbruk, og folk frå nesten alle verdas kantar.

Bålbrenning:
Ofte ser ein restar etter bålbrenning i strid med friluftslova. Dette utgjer naturleg nok risiko for skogbrann, men òg for tap av kulturminne. Grunneigarar opplever at besøkande tek seg til rette og hogg skog til brensel, utan å spørje om løyve.

Rasteplassar:
Disse plassane er gjerne opptekne av «overnattingsgjestar» og er dermed ikkje tilgjengelege for reisande som vil stoppe for å fotografere og ha ein kort rast/matpause.

Avstand frå bustader:
Ein opplever ofte at folk ikkje respekterer grensa på 150 m til bebyggelse, dette gjeld både hytter og bustader. Det fører til unødige konflikter mellom lokalbefolkning og besøkande.

Camping på dyrka mark:
Så og seie dagleg ser ein døme på camping på dyrka mark. Dette er areal som skal haustast til dyrefôr, og/eller brukast til beite. Situasjonen er ei belastning for landbruksnæringa, og fører årleg til trasige konfliktsituasjonar.

 

 UTFORDRINGAR KNYTT TIL ALLEMANNSRETTEN
Allemannsretten er knytt til friluftslova. Ho vart først vedteken i 1957 og sist endra i 2020. Den største endringa er at kommunen no gjennom forskrift har høve til å forby ferdsel 15 § 3, og at kommunen kan fastsetje framferdsreglar som brukarane pliktar å følgje, jf § 15.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380