Lokalnytt

På tur for overvintring

Sangsvanene på Helsetvatnet har eit stort forråd av mat. Men dei ville helst ikkje bli fotografert…

To sangsvaner har gjort stopp på Helsetvatnet, ein fast plass på veg til overvintring i Norge. Kanskje kjem det fleire også dei neste dagane.

Helsetvatnet i Sunnylvsbygda har blitt stoppestad for sangsvaner på tur, både sørover om våren og nordover om hausten.
Ofte er dei mange, både av den eldre garden, kvite med lang og bein hals og gult nebb, eller det kjem ungfuglane som er mindre og grå.
Til no er det kome to som «tøffar» rundt og kosar seg med sivgras, men kanskje kjem det fleire snart. Og opphaldet kan kome til å vare lenge, kanskje heilt til kulde legg is på vatnet. For i Helsetvatnet er det rikeleg av gras som veks i vatn, føda dei likar i tillegg til smådyr.

I følgje boka «Våre fuglar» er svaner trekkfuglar som kjem både frå nord-Europa og Sibir. Dei overvintrar nordover i Norge, og så langt sør som til Oslofjorden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380