Søkjer godkjenning for reguleringsplan på Ljøen

Søknad om reguleringsplan på Ljøen blir klar for innsending før jul. Der skal 62ᵒ Nord bygge eit nytt høgstandard hotell på høgde med dei andre i Flakk Gruppen, slik som Storfjord Hotel, Brosundet og Union Øye.
-Vi nærmar oss innsending av søknad på reguleringsplan for bygging av Ljøen Hotell. Det har vore ein omfattande prosess med utgreiingar kring naturmangfald, arkeologiske undersøkingar, og innsyn frå fjorden. Gjennom prosessen har vi hatt eit tett samarbeid med fylket og kommunen, og vi trur og håper no at reguleringsplanen skal bli godkjent ein gong ut på nyåret. I så fall kan vi kanskje starta byggearbeidet til hausten neste år. Det seier Knut Flakk i Flakk Gruppen på telefon om det spanande hotellprosjektet.
Høg-standard Hotell
Ljøen Hotell, som er namnet inn til vidare blir etablert oppe på Øvre Ljøen, til høgre for tunteigen. Bygga blir ikkje synleg frå gardstunet, og berører heller ikkje større jordbruksareal. Her kjem 20 rom med svært høg standard, og i tillegg er det planlagt fem frittståande rom i nær tilknyting til hotellet, fortel Flakk.
Bygger i naturmateriale
-Det har vore ein lang og omfattande prosess med å tilpasse hotellet til terrenget og samtidig ta hensyn til det visuelle. Vanleg vis har ein byggetomta ferdig regulert før ein teiknar bygget, men her har prosessen gått motsatt veg. Vi har jobba for at det skal gå mest mogleg inn i terrenget, og planlagt med stein og tre i materialbruken, så Ljøen Hotell blir lite dominerande sett frå fjorden. Men der er heilt sikkert nokon som har synspunkt på dette også. Vegvesenet sin steinmur på utkikkspunktet er nok langt meir dominerande, seier Knut Flakk som håper godkjenningsprosessen går greitt og at bygging kan starte hausten 2021.
Basecamp Hotell, Hellesylt
Hellesylt får også eitt anna hotell i drift etter kvart. Gamle Grand Hotell, der arbeidsnamnet er Basecamp Hotell Hellesylt, blir det no jobba med å rette opp fasaden mot fjorden, eit «cowboy-bygg» som var lite vakkert visuelt. No blir fasaden utforma etter tett samarbeid med fylkeskonservator, og i tillegg blir bygget gjort tett med ein del nye vindauge og fornyinga av taket.
Får tilbygg
Knut Flakk fortel at det har vore ein litt enklare prosess på Hellesylt der området frå før er regulert til turistformål. Den nye fasade mot fjorden synest han er positivt, og etter kvart kjem to tilbygg, det eine langs elva til piren som går ut i sjøen, og det andre ned mot ferjekaia. I mellom desse blir det ope utsyn ut Sunnylvsfjorden.
Dette blir eit hotell der det blir satsa mykje på naturbaserte aktivitetar, fortel Flakk. Hotellet ligg tett ved fjorden og med fjell og dalar på alle kantar.
Gamle Grand Hotell blir Basecamp Hotell, Hellesylt og eigd av Maria Lilly Flakk, og Erika June Flakk med 45 prosent kvar av aksjane i selskapet Nødingen AS, og der Knut Flakk eig 10 prosent.