Starta advent på tradisjonelt vis

Det måtte folk i lift til stor høgde for å ordne energi til deler av julestasen i Hellesylt sentrum. Men i denne Sunnmørsbygda har det blitt jobba på store høgder før så det gjekk bra.
Tilførsler av elektrisk energi til lyslenkene i sentrumsgata kom i orden i god tid før folket samla seg til tenning av den flotte kommunale julegrana på Ole Ringdals plass.

Ungt skulekorps
På Hellesylt opna fyrste søndag i advent på vakkert vis, både med korpsmusikk, julegrantenning og godt ver. Og dei kjente og kjære julesongane var dei same som alltid, og formidla på vakkert vis av Sunnylven skulekorps. Om ein ser vekk frå dirigent og ein støttemusikant er gjennomsnittsalder 11 – 12 år på bygda sitt korps i år. Men alder er ikkje alltid avgjerande for prestasjonen, det stadfestar Sunnylven skulekorps gong på gong. Dei imponerte og gleda storleg.

Musikalsk julegåve
På søndag starta korpset med juletonar ute ved Sunnylven omsorgssenter, der fleire av bebuarane var på plass i stovene inne og fylgde med. Ei musikalsk gåve som dei eldre heilt sikkert sette pris på.
Så gjekk korpsmusikantane og dirigent Trond Otto Berg til sentrum der julegrana skulle tennast, medan dei eldre på omsorgsheimen vart servert kaffi, og blautkake spandert av Sunnylven sanitetslag.
-Deilig er jorden
På Ole Ringdals plass var meir enn hundre store og små møtt fram for å høyre julesongar og sjå lysa bli tente i julegrana. I år vart det ikkje gong kring treet som vanleg, men mange song med på det korpset spela, Glade jul, Kimer nå til julefest, Eit barn et født i Betlehem og fleire. Korpset avslutta med Deilig er jorden, det kunne dei trykt spele også i år, for veret var sjeldan bra denne dagen, og Hellesylt har enno ikkje hatt eit einaste tilfelle og korona-pandemi.
Lysmesse avslutta dagen
Mange gjekk så til Sunnylven kyrkje der ein fin fyrste søndag i advent vart avslutta med song, lystenning og tekstlesing av konfirmantane, vakre orgeltonar frå organist Gunnar Inge Eide og preike av sokneprest Jakob Højlund.
