Sunnylven sanitetslag held basar

Mange av gevinstane kan ein no sjå utstilt i kafeterian på Hægstad Gård.

Det blir basar i Sunnylven sanitetslag, ikkje som arrangement med sal av kaffi og kaker, men loddsal på bøker og trekning av gevinstar. Loddsalet startar på Hellesylt fredag 13. november.

-Vi har fått og får framleis gevinstar frå medlemmer, andre privatpersonar og frå næringslivet både i Sunnylven og på Stranda. Det er vi svært takksame for.
Det blir eit variert gevinstutval, og nokre av dei kan ein sjå utstilt i vindauga i kafetérian på Hægstad Gård. Det fortel leiar i sanitetslaget Kari Hauso Stadheim.

Gevinstbordet består av mange strikka og broderte ting, spel, leiker og mykje anna. Mellom gevinstane blir også kolonialkasser og andre matvarer.
Leiaren i sanitetslaget synest det er litt trasig at ein ikkje kan arrangere basaren på den vanlege måten , med litt servering og den gode drøsen kring borda, men grunna den spesielle situasjonen må det vere slik i år, seier ho.

Ved kjøp av lodd kan ein nytte både Vipps og kontantar som betaling.
Vipps-nummer er; 13 50 27. Pris pr. lodd kr. 5.-

Loddseljarar er å treffe i kaffikroken på Coop, Hellesylt desse dagane;
Fredag 13. november kl. 15.00 – 18.00
Laurdag 14. november kl. 12.00 – 15.00

Fredag 20. november kl. 15.00 – 18.00
Laurdag 21. november kl. 12.00 – 15.00

Ein kan kjøpe lodd og Vippse også utanom desse tidene, men husk då å skrive kva namn lodda skal skrivast på, eller send melding om at det er Vippsa eit loddkjøp.
Samstundes med loddsalet sel sanitetslaget sin adventskalender til kr. 50.-.

Trekninga går føre seg torsdag 26. november. Lista over gevinstar og vinnarar blir å finne på www.hellesylt.info. Gevinstane blir levert til vinnarane.

Om nokon har spørsmål til arrangementet kan ein kontakte desse i styret;
Ingebjørg, mob. 905 84 799
Hilde,         mob. 957 05 466
Kari,            mob. 908 51 975

Hægstad Gård.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380