Lokalnytt

To brannmenn slutta

Arne Ringdal t.v. har delteke i brannvernet i 33 år. Måndag fekk han blomar og krystallvase frå kommunen for innsatsen overrekt av brannmeister Inge Teigen.

Ved Hellesylt brannstasjon vart det markert at to av brannvernet sine folk på Hellesylt har slutta, eller skal slutte. Brannsjef i kommunen Inge Teigen overrekte Magnar Hauge og Arne Ringdal krystallvase og blomar frå kommunen.

Alle foto: Per Ove Frøysa.

-Når ein bikkar 60 som brannmann blir det krav om både legeattest og meir for å halde fram. Begge er spreke karar, så begge kunne heilt sikkert halde på mange år til, men no valde dei å gje seg. Magnar Hauge har slutta, og Arne Ringdal går ut ved nyttår. Vi kjem nok til å sakne dei to, det har vore trivelege karar å ha med, og kanskje vil dei sakne miljøet i brannvernet også litt. Vi har heldigvis unngått dei store ulykkene, så difor har det alltid vore triveleg både på øving og elles, noko Magnar og Arne har bidrege til i alle år.
Det seier brannmeister i Stranda Inge Teigen. Han hadde med både blomar og kommunen sin krystallvase som han vorrekte til dei to som takk for lang og god innsats. Markeringa fann stad på brannstasjonen på Hellesylt måndag kveld.

I mai 1998 vart begge tilsett av kommunen i brannvernet, men før det bestod brannvernet av friviljuge, og der var dei to med. Til nyttår har Arne Ringdal 33 år i brannvernet på Hellesylt, Magnar Hauge litt mindre.

Nye brannmenn

Ved Hellesylt brannstasjon har eit mannskap på ti personar, så når to går ut må det tilsetjast nye. Inge Teigen er svært glad over at Markus Forbord og Helge Kvam Karbø er komne inn.
-Det er to unge karar som vi håper å få behalde lenge, seier brannmeisteren.

Også Magnar Hauge t.v. har slutta i brannvernet på Hellesylt etter lang fartstid og fekk si påskjønning overrakt av Inge Teigen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380