Adventsstund med eige husorkester

 

Gjennom skuledagar blir det også tid til julesamlingar ved Sunnylven skule no i desember. Frå adventsstund på barnesteget har hellesylt.info fått tilsendt bilde og informasjon.

-Mykje er annleis på Sunnylven skule i år, med alternative lokaler og smittevernstiltak. Midt i dette annleis-året er det godt å kunne halde på nokre tradisjonar.

Ein slik tradisjon er felles adventstund. I år må den riktignok haldast på to skular. På Barnesteget har vi hatt tre samlingar der vi syng, tender lys og dramatiserer ei juleforteljing. I dag var det 6. klasse som hadde ansvaret for adventsamlinga. I lag med kontaktlærar Marthe Kalvatn overraska dei med eige husorkester.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380