«Annleisjula» i Sunnylven kyrkje

Sunnylven kyrkje har nær 400 seteplassar står å lese i bygdeboka, men får berre lov å ta mot 50 personar under jule -og nyttårsgudstenester.

«Annleisjula» i Sunnylven kyrkje, -slik skriv Ann Kristin Langeland i programmet om jula i kyrkja i jule –og nyttårshelga. Det blir endringar frå det tradisjonelle, mellom anna at talet på personar ikkje skal vere over 50 ved kvar gudsteneste.

Ann Kristin Langeland er beden om å vikarierer som prest i Sunnylven kyrkje på julaftan. Ho sa ja, og der blir det to gudstenester i år, med påmelding og begrensa tal til 50 personar på kvar. Fyrste gudstenesta er klokka 14.30 og den andre klokka 16.00.

-Vi skulle så gjerne helsa kvar og ein av dokke velkomne til Sunnylven kyrkje i jul –og nyttårshelga. Der skulle vi ha vore saman, delt dei kjende og kjære julesongane, høyrt bodskapen om fred på jord, fellesskap, kjærleik og nåde. Vi skulle så gjerne teke kvarandre i handa, helsa alt godt for jula og det nye året som ligg framføre. Vi skulle gjeve kvarandre gode klemmar og sagt alt blir bra.
Slik blir det ikkje, jula i år vert annleis-jula.

Slik skriv Ann Kristin Langeland mellom anna i ei helsing som kjem i postkassa til sambygdingar og andre heime på julebesøk.
Grunna den spesielle situasjonen med korona-epidemi blir det ei litt annleis jul for kyrkjegåarar. I Sunnylven brukar kyrkja å vere nær fullsett på julaftan, for også mange heimvende julegjestar går til kyrkja denne dagen.

Påmelding

I år blir tal personar begrensa til 50 under gudstenestene julaftan. Til dei to gudstenester, den fyrste kokka 14.30 og den andre klokka 16.00 må alle melde seg på. Det gjer ein ved å gå inn på denne heimesida; : https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/StorfjordenMR/nyhetsarkiv/julaftangudsteneste%20i%20stordal%20kyrkje/
Vi presiserer at det er berre til gudstenestene julaftan ein treng å melde seg på. Til no har 28 personar meldt seg til gudsteneste i Sunnylven kyrkje julaftan klokka 14.30, og 27 personar til den andre klokka 16.00, så framleis er der ledige plassar.

Ikkje salmesong

Det er bestemt at det ikkje blir salmesong under gudstenesta på julaftan, opplyser prost i Nordre Sunnmøre Prosti, Svein Runde.
I Sunnylven blir det i staden solosong av Kristin Storstein under den fyrste gudstenesta, og av Oddbjørg Stadheim under den andre, opplyser vikarprest Ann Kristin Langeland.
Lars Kvam Karbø er organist denne dagen, så det blir ein svært så «lokal dugnad» i kyrkja på julaftan i år.

Julesongar ute

-Skulle det vere vanleg salmesong, måtte alle i kyrkjebenkane sete med to meters avstand. Så i år må kyrkjelyden berre høyre på song og musikk, men om veret tillet det kan ein gjerne samlast utanfor kyrkja etter gudstenesta og synge julesongar i lag, eksempelvis «Deilig er jorden», foreslår Svein Runde.

Jula i kyrkja:

Her er programmet for jul og nyttår i Sunnylven kyrkje:

Digital julekonsert søndag 20. desember kl. 20.00

Med dei restriksjonane vi har, kan vi ikkje invitere til tradisjonell julekonsert, men alle dei flinke aktørane våre stiller opp til digital julekonsert. Denne vert sendt på Sunnylven kyrkje si Facebookside.

Julaftan i kyrkja og på Facebook

Kl.14.30 Gudsteneste v/ Ann Kristin Langeland, Lars Kvam Karbø og Kristin Storstein – Hugs påmelding

Kl. 16.00 Gudsteneste v/ Ann Kristin Langeland, Lars Kvam Karbø og Oddbjørg Stadheim Hugs påmelding

  1. Juledag i kyrkja og på Facebook – Ikkje påmelding

Kl. 12.00 Høgtidsgudsteneste v/ Jakob Højlund og Gunnar Inge Eide

Nyårsaftan i kyrkja og på Facebook – Ikkje påmelding

Kl. 21.00 Kveldssamling v/Ann Kristin Langeland, Gunnhild Overvoll, Kristin Storstein, Inghild Storstein, Astrid R. Ringdal og Ingebjørg S. Fivelstad

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380