Britisk langrennsløpar på pallen i WC.
Langrennsløparen Andrew Young, GBR, som har trenar med medlemskap frå Sunnylven IL, kom på tredje plass under WC i sprint langrenn i Davos laurdag. Italienske Frederico Pellegrino vann føre Alexander Bolshunov, Russland.
Det er fem år sidan Andrew Young stod på sigerspallen etter ei WC-løp i spring. Laurdag 12. desember lukkast han igjen.
For Young starta rennet i Davos med andre plass i semifinale og tredje plass i kvartfinale, men med ei god tid kom han til finalen. Også James Clugnet frå GBR gjekk vidare frå prolog tidlegare på dag og var små sekund frå finalen med fjerde plass i kvarten.
I finalen tok italienske Pellegrino teten med Bolshunov like bak. Young hadde tredje plass gjennom heile finalen og til mål. Ein sterk renndag, og fantastisk artig å følgje med på etter som den gode langrennsløparen har vore i området på sommarsamling.
Det britiske landslaget i langrenn har norske trenarar. Sist sommar var Andrew Musgrave, Andrew Young, James Clugnet, Kasper Stadaas og Simen Hægstad Kruger i Sunnylven på ei vekes treningssamling saman med trenarane Jostein Vilnjerui og Hans Kristian Stadheim. Det vart ei veke med god trening høgt og lavt i terreng i Stadheim sine heimetrakter. Kanskje ser vi effekten av opphaldet alt no.
16 nasjonar deltok, men ingen frå Norge, Sverige eller Finland.