Elina Alme vann med «På saltsteinen».

Faksimile, Sunnylvingen 20. november 1985.

«På saltsteinen» – Det vart namnet på den vakre skulpturen framfor banken. Eit samrøystes styre valde dette framlegget i bunken på i alt 102 innkomne forslag. Vinnarframlegget i tevlinga som banken lyste ut, var sendt inn av Elina Alme, Stranda, og ho vil få seg tilsendt ein sjekk på kr. 500,- som premie.

Skulpturen viser ei gjetarjente, saman med ei geit og eit kje, plassert på ein naturstein framfor banken. Namnet som Elina Alme hadde kome fram til, og som eit samrøystes styre bestemte seg for, er både eit godt og treffande namn og symbolsk for det samlingspunktet ein slik stein ofte var.

Banksjef Terje Mork fortel at det kom inn framlegg både her frå bygda og frå mange utflytte sunnylvingar. Styret i banken tok stilling til namnet utan å ha kjennskap til kven som var forslagsstillar. At det var Elina Alme som hadde vinnarframlegget visste styret ikkje før etterpå.

Både Elina og mannen hennar er utflytta sunnylvingar, no busette på Stranda.

På saltsteinen.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen 20. november 1985.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info