Feira Lucia

Også i år vart den sesilianske helgendama Lucia feira på Sunnylven skule. Seks elevar i fyrste og andre klasse bar lys, song og spanderte lussekattar på dei andre elevane og tilsette ved skulen.
Foto: Sunnylven skule
Torsdag vart det baka mange lussekattar på Sunnylven skule, og dagen etter vart det Lucia-tog med lys og song, og utdeling av dei gode bakevarene.
Vi var ikkje til stades, og av smittevernhensyn vart det ingen tur med song og utdeling av lussekattar til folk i gata eller på omsorgssenteret heller, slik dei hadde tenkt. Men ryktet fortel at på skulen vart det god og smakfull stemning der det årlege tradisjonstiltaket nær fødselsdagen til Lucia vart gjennomført nok eit år.